Liv Bente oppsummerer kommunebudsjettet
Les gruppeleiar Liv Bente Storebøs budsjettinnleiing.
Austevoll er ein kommune i vekst, me står fortsatt framfor store investeringar, gjelda aukar, elevtala i skulane aukar, fleire treng helsetenester og me blir fleire eldre. Budsjettforslaget til rådmannen er utgangspunkt for vårt alternative budsjett. Han har lagt opp til fortsatt trygge og gode offentlege tenester. Me gjer likevel ein del endringar, dette for å bremse drifta på enkelte område, og for å kunne ta viktige steg framover og vidareutvikle Austevoll-samfunnet på andre område.
Sidan forrige budsjettmøte har det vore stor aktivitet i kommunen.
• Helsehuset vart innflytningsklart på vårparten. Samlokalisering av helsetenestene har vore ein suksè frå dag ein. Satsinga har ført til å styrke tenestetilbodet og tryggleiken til innbyggjarane våre.
• Prosjektgruppa for utviding og ombygging av Austevoll ungdomsskule har ferdigstilt arbeidet sitt.
• Kommunen har teke imot ytterligare 10 syriske flyktnignar.
• I samarbeid med private har me kjøpt to nye brannbilar, det er og brukt midlar på røykdykkarøving, GPS plottar i bilane og Mob-båt.
• Det er kome nye leikeapparat ved Selbjørn skule, og badestranda i Juthola har fått universell utforming.
• Gravplassen i Bekkjarvik er ferdigstilt.
• Hufthamartunet har fått eit løft.
• Den eldste delen av det gamle kommunehuset er riven.
• Gamleskulen på Trolandshamar er fjerna.
• Den nye vegen i Gråsiddalen er ferdigstilt.
Høgre og Arbeiderpartiet har lagt fram eit budsjettframlegg som legg opp til same aktivitet i tenester som i år, i tillegg er det lagt inn auke på område som har vist seg å vere ein utfordring over tid. Me er enig i rådmannen si satsing på nye område som brannsikring, vaktordning i barnevernet, auka drift til kyrkjene og bruk av midlar til digitalisering og nettsideutvikling for kommunen. Rammetimetal på lærarar er oppretthaldt, men det er likevel ei auke i budsjett grunna høgare elevtal. Store delar av låna er refinansiert med fastrentelån på 5-10 års binding, og det er no betre kontroll på framtidige rentekostnader.
Etter formannskapsmøte har me justert budsjettet med å leggje inn att midlar til fagbøker på bibiliotek og vidareført investering på turstien rundt Vinnesvatnet.
Hovudprioriteringar i budsjettet er at me har:
• Lagt inn midlar til effektiviseringsprosjekt 2019
• Auka timesats til støttekontaktar
• Samferdslesatsing for kommunikasjon til og frå kommunen
• Investere i inventar og auka tilgjengelighet på Austevoll Folkebibliotek
• Ferdigstille svømmehallen
• Overta omsorgsboligane ved Storebø Brygge
• Ferdigstille elevaula ved Selbjørn skule
• Starte utbygging av Austevoll ungdomsskule
• Satse på vedlikehald av kyrkjebygga og fjerne vedlikehaldsetterslep
• Opparbeide uteområde ved Trolandshamar idrettsanlegg
• Utgreie ein eventuell «Austevollspakke»
Austevoll kommune har til samanlikning med andre tilsvarande kommunar relativ høg skatteinngong, og dermed høgare inntekter pr. innbyggjar enn mange andre kommunar. Likevel ser det ikkje ut som me klarer å levere betre tenester eller leggje tilside forventa midlar til disposisjonsfond enn det andre kommunar gjer. Derfor har me sett av midlar til ein ekstern «helsesjekk» av kommuneøkonomien for å sjå om me disponerar inntektene på rett måte, og få andre auge til å sjå på korleis og kor me kan effektivisera drifta i budsjett for 2019. Samstundes har me òg tru på at auka midlar til digitalisering vil gje effektiviseringsgevinst på sikt.
Kommunen har i mange år slitt med å få tak i nok støttekontaktar til brukarar som treng det. Dette ynskjer me å få ei endring på, i denne omgang aukar me løna til støttekontaktane slik at det blir likt lønsnivå som i kommunane rundt oss. Me veit at det ikkje berre er løna som er avgjerande for om ein vil vere støttekontakt eller ikkje, men likevel håpar me at dette skal bidra til at fleire ynskjer å gjere ein innsats.
Ordførar har i fleire høve vore i kontakt med skyss om betre rutetilbod på hurtigbåten mellom Austevoll og Bergen. Skyss er klar på at dersom me skal få til dette, må kommunen vere villig til å satse delar av denne kostnaden av eigne midlar. Me ber i fyrste omgang rådmannen om ei reisevanegransking for betring av rutetilbodet, før me eventuelt inngår avtale med fylkeskommunen.
Biblioteket har no fått større og betre lokale i Bekkjarvik. Kommunestyret har òg gjort vedtak om auka tilgjenge for brukarane. Investeringa som er lagt inn gjer biblioteket eit stort løft, og me håpar på enda større brukargruppe med større lokale, meir innhald og auka tilgjenge.
Kyrkjene i kommunen treng sårt opprusting, vedlikehaldsetterslepet har auka år for år. Etter ynskje frå soknerådet legg me no inn midlar gjennom ein treårsperiode til renovering. Soknerådet skal sjøl prioriterer kvar og når vedlikehaldet skal gjerast på den einskilde kyrkje. Med midlane som er i økonomiplanen har både soknerådet og me tru på at vedlikehaldsetterslepet blir lukka.
Det er lagt inn midlar til å ferdigstille rehabiliteringa ved Selbjørn skule. Ventilasjonsanlegg, brannsikring og tribune i den gamle gymsalen skal på plass.
Veksten i elevtal krev òg at Austevoll ungdomsskule må byggjast ut. Ei prosjektgruppe har vore i arbeid, og saman med ekstern konsulent har dei utarbeida behov- og funksjonsbeskrivelse og skisse for nybygg og ombygging. Investeringsbehovet er foreløbig ukjent.
Det skal vere trygt å bu i Austevoll — derfor er brannsikring eit viktig område for oss. Den nye mannskapsbilen blir levert rett over nyttår. Tidene endrar seg, og snart står dei fyrste høghusa ferdig. For brannsikring av høghus må me òg ha liftbil tilgjenge, og tidlegare i haust kom det ein slik bil til kommunen. I neste års budsjett er det sett av midlar til opplæring i bruk av denne. Det er òg sett av midlar til nye verneklede til brannmannskapet.
Bygginga av den nye svømmehallen er godt i gong, og den skal stå ferdig til sommaren. Det er og lagt inn midlar til opparbeiding av uteområde rundt hallen. Denne investeringa hadde me ikkje klart utan privat iniativ, og me er utruleg takknemlig for både dei økonomiske bidraga og det private engasjementet.
Bygging av omsorgsboligane ved Storebø brygge er godt i gong, og dei skal etter planen stå klar ved utgongen av neste år. Det er framleis gode tilskotsordningar frå staten, slik at ei normal husleiga dekkjer renter og avdrag på låna til bustadane.
Det er viktig for Høgre at området ved Trolandshamar skule fortsatt er i offentleg eige, og tilgjengeleg for ålmenheita. Me utsette rivinga av skulen i år, men har lagt inn nye midlar til neste år. I tillegg skal kommunen saman med private byggja Tuftepark på området. Dette vil gjere staden meir attraktiv, tryggare, og like tilgjengeleg for innbyggjarane som det er i dag.
Samarbeidspartia har fortsatt ynskje om å få fortgang i opprusting av det interne vegnettet, og sørge for betre trafikksikring og fleire sykkel- og gongstiar. Rådmannen er enig med oss og har lagt inn prosjektmidlar til å jobbe vidare med å greie ut ein «Austevollspakke».
Austevoll kommune er i utvikling, folketalet aukar, me har eit næringsliv som tilbyr eit vidt spekter av jobbar til innbyggarane. Innan idrett, kultur og frivillig arbeid skjer det mykje viktig kvar einaste dag. Budsjettforslaget frå Høgre og Ap bidrar ytterligare til god utvikling av Austevoll.
Høgre meiner likevel det er viktig at kommunestyret med det vidare budsjett er tydelege på at me står ovanfor nokre særs ekspansive år når det gjeld investeringar som vil verta utfordrande, og at store investeringar vil legge press på driftsbudsjetta i mange år framover.
Med ynskjer om godt budsjettår!