Kandidat 2027?
Nominasjonarbeidet i Austevoll Høgre er godt i gang, men me oppfordrar deg som innbyggjar til å foreslå kandidatar til kommunevalet for perioden 2027-2031.

Me inviterer innbyggjarane til å kome med forslag på kandidatar til kommunestyreperioden 2027–2031. Me ynskjer innspel på personar med solid samfunnsengasjement og interesse for lokalt utviklingsarbeid. For å sikre brei representasjon ynskjer me kandidatar frå ulike delar av kommunen, i ulike aldrar og av begge kjønn. Vi ser svært gjerne forslag på unge innbyggjarar som har særleg engasjement for lokalsamfunnet. Alle som vil bidra til eit inkluderande og berekraftig lokalarbeid er velkomne som foreslåtte kandidatar.
Ta kontakt eller send ei melding til ein av medlemmene i Austevoll Høgre sin nominasjonskommite innan utgangen av april 2026 om du har eit forslag.
Komitèen består av Liv Bente Storebø (leiar), Grethe D. Ringdal, Eirik Kalve, Ingvar Lauvik og Anita Melingen.