Eit ansvarleg budsjett for Austevoll
2016-budsjettet er stramt, men det er likevel plass til viktige tiltak. Løpande opptak i barnehagane held fram, stillingar blir oppretthalde i skulen, det er pengar til Hufthamartunet og grenda- og samfunnshus, gravplassen i Bekkjarvik skal utbetrast og det er lagt inn meir til trafikksikring.
Framleis løpande opptak i barnehagane
Dei private barnehagane i Austevoll leverer gode tenester. I hovudsak på grunn av auka barnetal er det trong for auka tilskot til barnehagane i kommunen. I etterkant av budsjettbehandlinga i formannskapet er det mellom anna lagt fram nye statlege satsar for tilskot til private barnehagar. Høgre og Arbeiderpartiet er svært nøgd med at den nye utrekninga til rådmannen viser at budsjettforslaget likevel ikkje medfører at talet på teljedatoar blir redusert.
Mildt effektiviseringskrav på 0,25 prosent
Driftseiningane blir ilagt eit generelt effektiviseringskrav på 0,25 prosent i 2016, 1 prosent samla i økonomiplanperioden 2016—2019. I 2016 utgjer det samla effektiviseringskravet for heile den kommunale forvaltinga kr 773 000. Rådmannen blir beden om å framvise korleis effektiviseringa kan hentast i forvaltinga, og vurdere om det er trong for politisk tilslutnad for å gjennomføre denne. Høgre og Arbeiderpartiet legg til grunn at kravet blir innfridd gjennom utgiftsinnsparingar som ikkje råkar brukarar av dei kommunale tenestene. Det blir peika på potensial for innsparing gjennom forenklingar og endringar i rutiner og prosessar. Effektiviseringskravet er ikkje tenkt henta gjennom reduksjon i stillingar.
Auka avdragsnedbetaling samanlikna med åra før
Høgre og Arbeiderpartiet er samde i rådmannens tilråding om å auke avdragsprofilen samanlikna med tidlegare år. Budsjettkonsekvensen av endringa er kr 5 millionar kroner i 2016, ein auke på 64 prosent frå 2015. For delvis å reversere rådmannens forslag om reduksjon i lærarstillingar, så er det naudsynt å redusere auken i nedbetaling av avdrag samanlikna med rådmannens endring frå kr 9 millionar i 2015 til kr 14 millionar i 2016. Forslaget inneber at å redusere avdrag med 0,2 prosentpoeng i 2016, frå 3,5 til 3,3 pst., og med 0,6 prosentpoeng i perioden 2017—2019, frå 4,1 pst. til 3,5 pst. Endringa reduserer utgiftene med kr 1 million i 2016.
Midlar til realisering av Blått kompetansesenter
Høgre og Arbeiderpartiet meiner Blått kompetansesenter er eit prosjekt av så avgjerande verdi at kommunen må medverke til å sikre at senteret blir realisert. Kr 100 000 blir derfor sett av som kommunal medfinansiering for å fasilitere gjennomføringa av prosjektet.
Kulturelle aktivitetar i dagsenteret for eldre
Den kulturelle spaserstokken er kulturelle aktivitetar for eldre ved dagsenteret. Eit beskjedent tilskot medverkar til stor glede. Kommunestyret viderefører tilskotet til den kulturelle spaserstokken med kr 20.000 i 2016 og utover i økonomiplanperioden.
Delvis reversering av kutt i lærarstillingar
Rådmannen foreslår å kutte 6 lærarårsverk og 1,5 årsverk for andre tilsette frå skuleåret hausten 2016. Høgre og Arbeiderpartiet er usamd i forslaget frå rådmannen og meiner det bryt med semja som var i førre periode, om at skulesamanslåing ikkje skulle redusere talet på lærarårsverk i skulen. Kommunestyret vedtek at 3 lærarårsverk og 1,5 årsverk for andre tilsette blir oppretthalde i økonomiplanen, med ein budsjettkonsekvens på kr 1,1 millionar i 2016.
Busetting av flyktningar er eit økonomisk nullsum-spel
Austevoll kommunestyre har fatta vedtak om å busetje inntil 20 flyktningar i 2015, og inntil 15 flyktningar dei påfølgjande 3 åra. Utrekningar viser at den økonomiske konsekvensen for kommunen er marginal. I økonomiplanperioden kan statlege tilskot for busetjing av flyktningar samla sett overstige kommunens utgifter. Dette blir stadfesta av erfaringar frå Fjell kommune. Høgre og Arbeiderpartiet viser også til at det allereie er busett flyktningar i Austevoll og at kommunen har eit apparat som følgjer opp desse. Kommunestyret styrkar funksjonar som skal følgje opp flyktningar. Nye utgifter i samband med busetting av flyktningar er gitt effekt frå 1. april 2016.
Frivillighetskoordinator frå 1. april 2016
I samband med busetjing av flyktningar blir det oppretta ein frivillighetskoordinator frå og med 1. april 2016. Høgre og Arbeiderpartiet legg til grunn at frivillighetskoordinatoren også skal ha oppgåver utover det å følgje opp aktivitetar retta mot flyktningar. Frivilligskoordinatoren vil mellom anna også arbeide med å styrke fritidstilbodet overfor ungdom, og menneske med nedsett funksjonsevne. Høgre og Arbeiderpartiet legg også til grunn at kommunen medverkar til eit godt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, og einskiltpersonar som ønskjer å bidra, for å integrere flyktningar.
Ny tilskotspott for oppgradering og vedlikehald av bygdehus
Grenda- og samfunnshus er viktige samlingsstader i Austevoll. Kommunen gir etter søknad tilskot til kultur- og idrettsaktivitetar, men Høgre og Arbeiderpartiet meiner det er føremålsteneleg at kommunen også har ein årleg pott som skal gå til til vedlikehald og oppgraderingar av desse samlingshusa i Austevoll. Kommunestyret set derfor av kr 200 000 årleg i økonomiplanperioden til ein søkbar pott til dette føremålet. Rådmannen blir beden om legge fram skisse til kriterier for å få tilskot frå den nye «bygdepotten». Det blir lagt til grunn at det skal vere éin årleg søknadsfrist for tilskot.
Evaluering av dei konkurranseutsette offentlege tenestene
Høgre og Arbeiderpartiet er samde om dei konkurranseutsette offentlege tenestene skal vere gjenstand for ekstern evaluering. Evalueringa skal mellom anna vurdere kvaliteten på tenestene utifrå perspektiva til brukarar og pårørande, i tillegg til medarbeidartilfredsheit og økonomi. Det blir derfor sett av kr 150 000 i 2016 for å gjennomføre denne evalueringa.
Kjende investeringsbehov blir finansiert i økonomiplanen
Høgre og Arbeiderpartiet er samde i dei investeringar som er lagt fram av rådmannen, men meiner at budsjettet og økonomiplanen i så stor grad som mogleg må innehalde kjente og naudsynte tiltak som ein veit må finansierast i fireårsperioden. Investeringsbudsjettet er derfor auka til å inkludere investeringar som blir nemnt nedanfor. I rådmannens budsjettframlegg peikar han på nokre investeringsbehov i tekstdelen — kommunehus og Austevoll ungdomsskule — utan at dei økonomiske konsekvensane av dette blir lagt inn i økonomiplanen. Desse investeringane legg kommunestyret inn i investeringsbudsjettet slik at investeringane er finansierte.
Ein halv million til utbetringar av Hufthamartunet
Høgre og Arbeiderpartiet meiner at det ikkje er hensiktsmessig at investeringar ved Hufthamartunet blir fordelt i mindre beløp over fleire år, når ein heller kan sikre ei meir omfattande utbetring i 2016. Det blir derfor lagt inn kr 500 000 i investeringar til Hufthamartunet i 2016.
Avsetjing til fond for framtidig utbetring av Austevoll ungdomsskule
Høgre og Arbeiderpartiet meiner det er naudsynt at kommunen gjer fondsavsetjingar kvart år, frå og med 2017, for å medverke til finansiering av utbetring av Austevoll ungdomsskule. I økonomiplanperioden utgjer dette kr 4,5 millionar.
Uavklart finansiering av fylkesveg til fiskerihamna
Høgre og Arbeiderpartiet viser til at Austevoll kommune har inngått avtale med Kystverket om at kommunen skal bygge bilveg frå fylkesveg til fiskerihamna. Prosjektet vil medføre ein monaleg investering og det er uklart korleis vegen skal finansierast.
Bustader til flyktningar
Høgre og Arbeiderpartiet har finansiert behovet for busetting av flyktningar i driftsbudsjettet, med leige av bustader. Rådmannen har gjort greie for at mange flyktningar kan busettast i tomme, eksisterande kommunale husvære. Dette reduserer leigeutgiftene i driftsbudsjettet. Kommunestyret imøteser sak med endring av investeringsbudsjettet dersom det er hensiktsmessig å bygge bustader for flyktningar i kommunal regi.
Utbetring av gravplassen i Bekkjarvik
Høgre og Arbeiderpartiet meiner det er eit stort behov for utbetring av gravplassen i Bekkjarvik. Kostnaden er opplyst å vere kring kr 3 millionar kroner. Det vert lagt til grunn at arbeid blir igangsatt i 2016 og ferdigstilt 2017. Det blir derfor sett av kr 2 millionar i investeringsbudsjettet i 2016 og kr 1 million i 2017. Rådmannen legg fram sak for kommunestyret om utbetring av gravplassen i Bekkjarvik.
Finansiering av helsehuset
Høgre og Arbeiderpartiet har vore sterke forkjemparar for helsehuset som er i ferd med å bli realisert på Storebø. Det er prekært behov for nye lokalitetar for dei kommunale helsetenestene, og det er ønskeleg å samle dei kommunale helsetenestene på éin stad, nær pleie- og omsorgssenteret. Prosjektet vil vere ein styrke for den kommunale tenesteproduksjonen og lette arbeidskvardagen til dyktige og tålmodige medarbeidarar i kommunen. Det er sett av kr 44,4 millionar i investeringsbudsjettet til bygging av helsehus.
Meir pengar til trafikksikring ved Storebø skule
Det er usikkert om tilrådd investering i uteområde ved Storebø skule er tilstrekkeleg for faktisk å gjere naudsynte utbetringar. Det kan vere hensiktsmessig å skilje investering i uteområde ved Storebø skule og trafikksikringsbehov. Det blir derfor avsett kr 2,75 millionar til trafikksikring ved Storebø skule i 2016. Eventuelle unytta midlar til trafikksikring skal overførast til asfaltering av kommunale vegar.
Ein million kroner til asfaltering av kommunale vegar årleg
Det kommunale vegnettet har for låg kvalitet og Høgre og Arbeiderpartiet støttar satsinga på asfaltering av kommunale vegar. Partia har vurdert å auke investeringa i 2016, men finn at det er større behov for å auke finansieringa av trafikksikring ved Storebø skule.
Omsorgsbustader med sjøutsikt på Storebø
Høgre og Arbeiderpartiet meiner det er behov for kommunale omsorgsbustader for utleige på Storebø. Prosjektet i Bekkjarvik har vore vellukka og det er ønskeleg gjennomføre tilsvarande prosjekt ved sjøfronten på Storebø. For at prosjektet skal gjennomførast må det finansierast i økonomiplanen. Høgre og Arbeiderpartiet understrekar at prosjektet skal vere sjølvfinansierande. Det blir lagt inn kr 59,5 millionar kroner til prosjektet i investeringsbudsjettet der lånebehovet etter fråtrekk frå tilskot og meirverdiavgift er i storleiksorden kr 31 millionar.
Pengar til nye stolar og tepper i Austevoll kyrkje
I etterkant av budsjettbehandlinga i formannskapet har det blitt peika på at det er trong for nye stolar og tepper i Austevoll kyrkje. Det blir derfor lagt inn kr 250 000 til dette føremålet i investeringsbudsjettet for 2016.
Eit kommunehus med skikkelege arbeidstilhøve
Kommunehuset er i dårleg forfatning. Det er trong for å sikre tenelege og forsvarlege arbeidstilhøve for dei kommunetilsette som blir verande igjen på kommunehuset, etter at helsehuset står ferdig. I tillegg må det sikrast at kommunehuset tilfredstiller krav om universell utforming. Høgre og Arbeiderpartiet viser til at rådmannen er i gang med å vurdere alternative løysingar for kommunehuset. Det er aktuelt med rehabilitering og utbetring av eksisterande bygg eller flytting til anna bygg. Kommunestyret set av kr 21,3 millionar i investeringsbudsjettet for å finansiere dette. Beløpet er estimert, der ein legg til grunn same kvadratmeterpris som for helsehuset, og eit arealbehov på 850 kvadratmeter. I eiga sak frå rådmannen vil det kome fram om det er trong for investering eller om kommunen skal leige lokaler slik at det blir utgiftsført over driftsbudsjettet.
Sju millionar kroner til idrettsanlegg over to år
Høgre og Arbeiderpartiet meiner det er viktig at eksisterande idrettsanlegg blir vedlikehalde. Kommunestyret set derfor av kr 3,5 millionar til idrettsanlegg i 2016 og i 2017, totalt kr 7 millionar.
Ny kultur- og konferansesal i Bekkjarvik
Kommunestyret set av kr 1,8 millionar kroner i investeringsbudsjettet for å ferdigstille ein ny kultur- og konferansesal i gymsalen på Selbjørn skule. Endeleg kostnad for prosjektet er ikkje kjend, det kan derfor vere trong for å revidere den kommunale investeringa i løpet av 2016. Rådmannen blir beden om å legge fram sak om prosjektet for politisk behandling med eventuell revidering av investeringsbudsjettet.
Sydenturar for menneske med nedsett funksjonsevne
Høgre og Arbeiderpartiet meiner at kommunen skal medverke til at sydenturane for menneske med nedsett funksjonsevne blir gjennomført også i fortsettinga. Sydenturane er annakvart år, i regi av Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU). Høgre og Arbeiderpartiet meiner at kommunen som hovudregel skal medverke til å dekke utgifter med støtte og bistand, slik at utgifta som blir påført dei reisande så langt det lar seg gjere blir avgrensa til reise og opphald.
Støtte til Hanne Haugland
Rådmannen har opplyst at støtte til Hanne Haugland ikkje ligg inne i budsjettframlegget hans. Kommunen har forplikta seg til å gi årleg støtte på kr 100 000. Høgre og Arbeiderpartiet legg til grunn at pengane kan dekkast innanfor eksisterande budsjettpostar, alternativt over ymseposten til formannskapet.