Kommunen som arbeidsgjevar

Høgres valprogram 2019-2013: Kap. 7. Kommunen som arbeidsgjevar.

Arbeidstilhøve

For at kommunen skal gje best mogleg tenester, er det avgjerande at dei tilsette har gode arbeidsvilkår. Høgre ønskjer å legge betre til rette for at tilsette har hjelpemiddel og system som gjer at dei kan gjere jobben endå betre og enklare.

AUSTEVOLL HØGRE VIL:

  • Lage ein lønspolitisk handlingsplan med mål om å løfte løna til lågtlønsgrupper, og hindre det aukande gapet mellom profesjonar, ved å gå bort frå prosentvist påslag, og gå over til kronepåslag i dei kommunale lønsoppgjera.
  • Ta i bruk nye hjelpemiddel og system som lettar arbeidsoppgåvene til tilsette.
  • Sørge for at tiltak og utbetringar som kan betre arbeidstilhøva blir gjennomførte så kjapt som mogleg.
  • Samarbeide med tillitsvalde og verneombod om tiltak som kan redusere sjukdom og fråvær, og leggje til rette med oppgåver som kan gjere det lettare å kome seg tilbake i jobb etter sjukdom.
  • Sørge for ein heilskapleg plan for kursing og kompetanseheving for tilsette i alle avdelingar i kommunen.
  • Gjennomføre årlege medarbeidarundersøkingar.
  • Jobbe for å redusere uønska deltidsstillingar.
  • Vurdere å etablere ei kommunal vikarordning.
  • Sørge for at kommunen tar inn fleire lærlingar og innanfor fleire fagområde.

Openheit

Kommuneorganisasjonen skal vere prega av openheit. Det skal vere trygt å varsle om kritikkverdige forhold. Det skal også vere låg terskelen for å kome med forslag til tiltak som kan forbetre tenestene våre og arbeidsmiljøet i kommunen.
AUSTEVOLL HØGRE VIL:
  • Sjå til at det alltid er trygt for tilsette å varsle om kritikkverdige tilhøve, og at varslingsrutinane blir etterlevd i praksis.
  • Sørge for at dei tilsette har reell medverknad, at viktige saker og spørsmål som direkte berører dei tilsette, blir diskuterte med medarbeidarane og organisasjonane deira.
  • Ta på alvor innspel frå tilsette som kan gjere det betre å jobbe i kommunen, og som kan forbetre tenestene og saksbehandlinga til kommunen.
  • Sørge for at gamle og nye tilsette blir gjort godt kjent med korleis dei skal handtere fortruleg informasjon og vareta teieplikta og omsyna til brukarar og innbyggjarar.
  • Sørge for at kommuneleiinga tar eit aktivt ansvar for å legge til rette for ein god openheitskultur.
  • Sørge for at kommuneleiinga tar eit aktivt ansvar for å legge til rette at det vert lett å melde om avvik og at desse vert behandla på rett nivå.

Leiing

Austevoll kommune står overfor viktige utfordringar framover. For at ein best mogleg skal handtere desse, treng me gode og motiverte leiarar på alle nivå i kommunen.
AUSTEVOLL HØGRE VIL:
  • Etablere ei årleg samling for leiarane i kommunen, der leiarane skal få nødvendig fagleg påfyll og rettleiing, og som skal vere ein møteplass for utveksling av erfaring.
  • At det skal etablerast ei fadderordning for nye leiarar, og at det kort tid etter tilsetjing skal gis opplæring i godt leiarskap og personaloppfølging, sentrale lover og reglar, og kommunens planar og rutinar.
  • At oppgåver, saker og problemstillingar som grip over fleire einingar i størst mogleg grad skal handterast av rådmannens sentraladministrasjon.
  • Flytte krevjande oppgåver frå einingsnivå, til sentraladministrasjonen, og sørge for at mellomleiarar kan fokusere meir av tida si på kjerneoppgåver.
  • Sørge for at rådmannen har verkemiddel for å yte rettleiing og bistand til mellomleiarar og tilsette, og tydeleggjere kva oppgåver som skal løysast på kva nivå i organisasjonen.
  • Sjå til at lønsfastsetjing skjer i tråd med kommunens lønsregulativ og at løna gjenspeglar ansvaret og oppgåvene som stillinga krev av leiaren, uavhengig av stillingsnivå.