Storstilt satsing på barn og unge i kommunebudsjettet
Barnefamiliar med låg inntekt får billegare SFO, det blir satsa på psykisk helsearbeid blant ungdom, og alle elevar får eigen skule-PC.
Formannskapet vedtok i dag Høgre og Arbeidarpartiets budsjettforslag. Det blir særleg satsa på barn og unge. Her er satsingane våre.
Styrka psykisk helsearbeid overfor ungdom
Det blir sett av lønsmidlar til ei ny full stilling for særleg å styrke det psykiske helsearbeidet overfor ungdom. I budsjettet for 2019 blir det sett av 459 375 kroner, som tilsvarar ti månaders verknad og tilsetjing 1. mars 2019. Med heilårsverknad og lønsjustering er det sett av 627 813 kroner i 2020. Formålet med stillinga er å styrke det psykiske helsearbeidet overfor ungdom, og sikre større nærvær blant ungdom. Stillinga kan delast med barnevernet, og behovet det har, dersom rådmannen finn det hensiktsmessig og der det ikkje er i strid med kommunestyrets intensjon.
Høgare løn for avlastarar
Det blir sett av 100 000 kroner til avlastingsordninga. Løyvinga skal gå til å auke løna til avlastarar. Formålet er å sikre ei løn som står i høve innsatsen som avlastarar gjer, og å gjere det meir attraktivt for fleire å vere avlastar.
Billegare SFO for familiar med låg inntekt
Det blir sett av 201 825 kroner for å redusere foreldrebetalinga i SFO for låginntektshushald. Løyvinga tilseier ein reduksjon på 650 kroner i månaden for det første barnet. Definisjonen av låginntektshushald følgjer same utrekning som gjeld for gratis kjernetid i barnehage. Tiltaket er meint å gje barnefamiliar med låg inntekt meir å rutte med.
Sosialhjelpsmottakarar får behalde barnetrygda
Det blir sett av 145 000 kroner for å kompensere for tapt barnetrygd ved utbetaling av sosialhjelp. Løyvinga betyr at barnetrygda ikkje skal gå til fråtrekk som inntekt, ved utrekning av sosialhjelp. Tiltaket er meint å betre økonomien til personar med barn som mottar sosialhjelp.
Fast løyving til strandrydding
Det blir sett av 25.000 kroner til organisering av strandryddeaksjonar og andre miljøtiltak i kommunen. Midlane er meint å finansiere organisering av ryddeaksjonar i strandsona og natur, og kan vidare nyttast til å skape større merksemd om miljøvenleg åtferd.
Reverserer kuttet til Visit Austevoll
Det blir sett av 75.000 kroner til reiselivsarbeid. Beløpet er like stort som Visit Austevoll mottok i reint tilskot i 2018, men beløpet er lågare då me har gjort fråtrekk for ekstratilskotet dei fekk til kostnader knytt direkte til gjestetiltak. Tilskotet var ikkje vidareført i rådmannens forslag til budsjett. Midlane skal nyttast til tiltak i Visit Austevoll, men kan omdisponerast for å finansiere fleire snøggbåtanløp i Bekkjarvik.
«Kulturbilletten» blir finansiert
Det blir sett av 30.000 kroner til kulturbilletten. Sak om kulturbilletten har vore politisk handsama i perioden, men er førebels ikkje innført og det er ikkje sett av budsjettmidlar. Dette er ei ordning der skuleklassar med lærar kan nytta offentleg transport, mellom klokka 09.30 og 13.30 mot at kommunen betaler ein fast sum i året til Skyss.
Auka opningstid på biblioteket
Det blir sett av 30.000 kroner til auka opningstid på laurdagar på biblioteket i Bekkjarvik. Biblioteket har opningstid fram til kl 14.00, medan senteret er ope til kl. 16.00. Det er høge besøkstal på laurdagen, og det har vist seg behov for at opningstida til biblioteket fylgjer opningstida til senteret.
Alle skule-PC-ane skal kjøpast i 2019
Kjøp av skule-PC-ar blir gjennomført i 2019, og ikkje fordelt med like stor investering i høvesvis 2019 og 2020. Dette betyr at alle elevane i den kommunale grunnskulen vil få eigen skule-PC i løpet av 2019. Investeringa medfører auka investering i 2019 på 1 mill. kroner, og det er avsett auka finanskostnader i driftsbudsjettet på 30 000 kroner.
Auka løyving til turløyper
Det blir sett av 500 000 kroner til investeringar i turløyper og andre folkehelsetiltak. Løyvinga er auka med 300 000 kroner frå tidlegare år. Midlane er meint for å sikre sluttfinansiering av viktige folkehelsetiltak og skal nyttast til prosjekt der det er ein stor grad av frivillig medverknad.
Pengar til å nye informasjonstavler
Det blir sett av 70 000 kroner til informasjonstavler. Beløpet dekker éi av to planlagde digitale informasjonstavler som skal erstatte dei gamle informasjonstavlene som no er demonterte.