Nei til særskatt på norsk havbruk – vern om lokalt eigarskap
Austevoll Høgre seier tydeleg nei til grunnrente i havbruket og krev betre skattevilkår for norsk næringsliv.
Eit einstemmig årsmøte i Austevoll Høgre åtvarar mot regjeringas nærings- og skattepolitikk:
– Regjeringa har lagt opp til eit skatteregime for norsk oppdrettsnæring som vil vera øydeleggjande for vidare utvikling av næringa. Skattlegginga som er foreslått vil setja brems for den positive utviklinga ein har hatt langs kysten som følgje av oppdrettsnæringa si sterke og gode utvikling, heiter det i årsmøtevedtaket.
– I sin verste konsekvens kan skattebyrda verta over 100 prosent dersom ein driv med vidareforedling basert på langsiktige kontraktar.
Her kan du lese heile resolusjonen som vart vedteke av årsmøtet i Austevoll Høgre.
Austevoll Høgre krev også at formuesskatt på arbeidande kapital vert fjerna:
– Det er urimeleg at noko så samfunnsgagnleg som lokalt, privat eigarskap blir skattlagt gjennom formuesskatten.
Vedtaket frå Austevoll Høgre skal behandlast av fylkesårsmøte i Vestland Høgre, som er fylkespartiets øvste organ.
Her foreslår Austevoll Høgre blant anna at følgjande tre punkt må slåast tydeleg fast:
- Forslag om ny ressursrente for havbruk må skrinleggjast. Næringa sin kompensasjon til samfunnet for bruk av sjøareal, kan som i dag baserast på betaling av vederlag for ny konsesjonskapasitet, produksjonsavgift og eventuelt ei form for arealleige.
- Formuesskatten på arbeidande kapital må fjernast heilt og satsar for generell formueskatt må reduserast.
- Det må bli meir lønsamt å driva og eiga bedrift i Norge og ikkje det motsette gjennom urimelege skattar.