Austevoll Høgres nominasjonskomité er valt

Nominasjonskomiteen skal foreslå kven som skal stå på Høgres valliste ved kommunevalet til neste år.

Måndag 11. september 2023 er det igjen tid for lokaldemokratiets høgtidsdag. Då er det nemleg kommuneval og veljarane skal bestemme kven som skal sitte i kommunestyret dei neste fire åra.

Men før me kjem så langt er det mykje som skal gjerast. Ikkje minst må me få kandidatane på plass.

Den endelege vallista blir vedtatt av medlemane i Austevoll Høgre. I mellomtida har nominasjonskomiteen den viktige oppgåva med finne kandidatar og foreslå for medlemsmøtet kven som skal stå på vallista.

Jobben startar allereie no.

Austevoll Høgre sin nominasjonskomité blei valt i førre veke og består av:

  • Asta Grasdal Johannessen, 5397 Bekkjarvik
  • Astrid Kalve, 5385 Bakkasund
  • Grethe Drønen Ringdal, 5394 Kolbeinsvik
  • Lars Heine Njåstad, 5398 Stolmen
  • Liv Bente Fagerbakke Storebø, 5392 Storebø
  • Mons Ove Hauge, 5396 V. Vinnesvåg
  • Patricia Hufthammer, 5384 Torangsvåg

Arbeidet til komiteen er å finne personar som har eit stort hjarte for Austevoll, pågangsmot og som ønskjer å vere folkevald.

Dei som allereie sit i kommunestyret vil bli spurde om dei har lyst å halde fram, og komiteen kjem til spørje engasjerte folk både i og utanfor partiet om dei har lyst til å stå på lista.

Jobben er stor og viktig, heldigvis har komiteen god tid på seg, og tida skal brukast godt.

Målsettinga vår er at me også i 2023 skal stille med dei beste kandidatane for Austevoll, eit godt team som utfyller kvarandre og spelar kvarandre gode. Og ikkje minst: Personar som er handlekraftige og ambisiøse på Austevoll sine vegner.

Kunne du tenke deg å bli folkevald, eller kjenner nokon som du synst me bør snakka med? Då må du gjerne gje oss beskjed.