Oppvekst og utdanning

Høgres valprogram 2019-2013, kapittel 1: Oppvekst og utdanning.

Barndom og oppvekst

Det skal vere trygt å vekse opp i Austevoll. For å sikre barn ein trygg barndom og oppvekst skal kommunen styrke sitt førebyggjande arbeid, og ha ressursar til å drive rettleiing overfor barn, ungdom og familiar, og til å handtere situasjonar som oppstår.
Austevoll Høgre vil:
  • Ha nulltoleranse for mobbing. Austevoll Høgre vil styrka samhandlinga mellom skule, foreldre og idrettslaga for å redusera mobbing.
  • Etablere eit eige fagteam, etter modell frå kriseteamet, som skal handtere mobbesituasjonar, og gje støtte og rettleiing til elevar, skulane og foreldre.
  • Sørge for at barnevernet, PPT og helsestasjon har nok ressursar til å gje eit best mogleg tilbod.
  • Halde fram det førebyggande arbeidet gjennom livsmeistringsprogrammet MOT.
  • Etablere ein ungdomskafé for å skape ein møteplass for ungdom.
  • Halde fram satsinga på førebyggjande psykiske helsearbeid blant barn og unge.
  • Sørge for utleige av trenings- og fritidsutstyr til barn og unge.
  • Sørge for at ungdomsrådet behandlar og får kome med sine innspel i alle saker som angår barn og unge i Austevoll.

Barnehage

Barnehagen skal gje trygg og god omsorg til barn, og stimulere til leik og utvikling. Kommunen har det overordna ansvaret for barnehagesektoren. Gjennom samarbeid og tilsyn skal ein sikre eit godt tilbod i heile kommunen.
Austevoll Høgre vil:
  • Bidra til at alle får tilbod om barnehageplass nær der dei bur eller jobbar, og at søsken alltid får plass i same barnehage.
  • Legge til rette for eit godt samarbeid mellom foreldre, barnehage og skule, i barnets overgang frå barnehage til skule.
  • Sørge for eit godt samarbeid mellom kommunen og barnehagane.
  • At kommunen tar større ansvar for å sikre rekruttering av pedagogisk personell til barnehagane, gjerne i samarbeid med høgskular, og legg til rette for kompetanseutvikling.
  • Sikre at kommunen tar tilsynsrolla si på alvor og ser til at barn og foreldre får tilbodet dei har krav på, og at offentlege tilskot kjem barna til gode.
  • Sikre ei føreseieleg styring og planlegging av barnehagetilbodet.

Grunnskulen

For Høgre er det avgjerande at alle elevar lærer meir på skulen, uavhengig av den enkeltes faglege nivå. Høgre vil blant anna styrke tidleg innsats og opplæringa i lesing, skriving og rekning.
Austevoll Høgre vil:
  • Styrke opplæringa i lesing, skriving og rekning.
  • Forsterke satsinga på tidleg innsats, slik at den enkelte eleven får opplæring tilpassa sitt behov så tidleg i skuleløpet som mogleg.
  • Halde fram tilbodet om etter- og vidareutdanning av lærarar, og sørge for at kommunen klarar å rekruttere kompetente lærarar også i framtida.
  • Jobbe for ein mest mogleg leksefri skule og at mest mogleg læring skal skje når eleven er på skulen, og utgreie ei ordning med pedagogisk leksehjelp som eit første steg.
  • Sikre eit godt SFO-tilbod, med lågast mogleg foreldrebetaling.
  • Sørge for at lærarar, foreldre og elevar blir betre involvert i planar som gjeld skuleverket.
  • Sikre eit tett og godt samarbeid mellom kommunen og montessoriskulen i Kolbeinsvik.
  • Legge vekt på samanhengen mellom ernæring og skulemat, og betydninga dette har for læringsutbytte for eleven.

Vidaregåande skule og fagskule

Austevoll vidaregåande skule og fagskulen på Sauganeset spelar ei nøkkelrolle for utdanningstilbodet i heile Vestlandsregionen. For å sikre næringslivet kompetente tilsette også i framtida, må tilbodet ved skulane utvidast.
Austevoll Høgre vil:
  • Styrke posisjonen til Austevoll vidaregaånde skule som den viktigaste skulen for fiskeri og akvakultur, med fleire elevplassar.
  • Jobbe for at maskinoffiserutdanninga blir etablert ved fagskulen.
  • Sørge for at nye studium i havbruksteknologi blir etablert i Austevoll.
  • Bidra til etablering av kurssenter på Sauganeset, og utbetringar av kaianlegget til Austevoll vidaregåande skule.
  • Utvikle Blått kompetansesenter vest til eit kraftsenter for marine og maritime utdanningar, næringar og forsking.
  • At kommunen i samarbeid med fylkeskommunen skal sikre fleire tenelege elev- og studentbustader.