Austevoll Høgres program 2019-2023

Les Austevoll Høgres valprogram for 2019-2023.

I valprogrammet vårt kan du lese kva Høgre vil gjennomføre dei neste fire åra. Mykje er velkjent Høgre-politikk. Me er opptekne av ansvarleg økonomisk styring og kontroll. Me er opptekne av gode skular, tryggleik og beredskap, og at kommunen bidrar til vekst og utvikling.
Me har også mange nye grep som me meiner vil forbetre kommunens tenester. Me foreslår konkrete tiltak blant anna for å gje betre hjelp og rettleiing til menneske med nedsett funksjonsevne, redusere lekser i skulen, og gjere det enklare og billegare å bygge. For å nemne noko.
Austevoll Høgre vil at Austevoll skal vere eit godt samfunn for alle å bu i, og over heile kommunen. Det betyr at kommunen skal tilby trygge og gode tenester, vere hjelpsam og finne løysingar og rettleie innbyggjarane sine best mogleg.

Her kan du lese Austevoll Høgres valprogram 2019-2023.