Reidunn Nordeide takka av etter 38 år som kasserar
Æresmedlem Reidunn Nordeide takka av som kasserar i Austevoll Høgre.
Året er 1984. Knut K. Kalvenes er ordførar i Austevoll, statsministeren i landet heiter Kåre Willoch og på barne-TV er det Labbetuss som regjerer.
1984 er også året Reidunn Nordeide blir valt til kasserar i Austevoll Høgre, og starten på foreiningas desidert lengste tillitsverv.
På årsmøte 10. november blei Reidunn Nordeide takka av som kasserar etter 38 år. Ho fekk ein stor takk for den framifrå innsatsen sin for Høgre.
I 2012 blei Reidunn heidra med æresmedlemskap i Austevoll Høgre. Dåverande nestleiar i Hordaland Høgre, og seinare byrådsleiar i Bergen, Ragnhild Stolt-Nielsen stod for tildelinga. I grunngjevinga for medlemskapen heitte det:
«I februar i år innstifta årsmøtet i Austevoll Høgre livsvarig æresmedlemskap. Foreiningas æresmedlemskap skal tildelast for å heidre medlemar som har gjort ei særleg fortenestfull innsats for Austevoll Høgre, medlemar som over tid har gjort framifrå og ueigennyttig innsats.
Heilt sidan 1984 har Reidunn vore kasserar i Austevoll Høgre. Ho har følgjeleg vore tillitsvald lenger enn nokon annan, og med svært god margin.
Som kasserar har ho ansvar for å halde orden i foreiningas økonomi og reknskapar. Ho er foreiningas økonomisjef, og foreiningas økonomiske kompetanse og hukommelse.
Arbeidet Reidunn gjer er eksemplarisk. Ho har vore avgjerande for god økonomistyring og bokføring. Alle som har vore leiar i Austevoll Høgre kan skrive under på kva betydning Reidunn har hatt, og har, for Austevoll Høgre.
Reidunn har samstundes gjort jobben sin nærast i det skjulte. Ho har aldri kravd merksemd. Derfor er det ei veldig stor glede at me kan løfte fram og vise kor mykje me verdset Reidunn, som tillitsvald og som ein viktig del av Austevoll Høgre.
Eit samrøystes årsmøte i Austevoll Høgre har vedtatt at Reidunn Nordeide skal tildelast den aller første æresmedlemskapen i Austevoll Høgre. Dette er den høgaste utmerkinga ein medlem av Høgre kan få.»
Liv Bente Fagerbakke Storebø er ny kasserar i Austevoll Høgre.