Viktig satsing på samferdsel

—Budsjettvedtaket gjer at kommunen er i stand til å styrke rutetilbodet til og frå Austevoll. Pengane kan blant anna brukast til å gje fleire avgangar med snøggbåt til Bergen og Flesland, seier ordførar Morten Storebø.

Kommunen jobbar no med to viktige samferdselsprosjekt. Det eine er Austevollpakken, der ein har kome godt i gang. Det andre er arbeidet med å styrke snøggbåttilbodet mellom Austevoll og Bergen. I budsjettet vart det løyvd 1,5 million kroner til samferdselssatsing i 2018, og 3 millionar kvart år dei påfølgjande tre åra i økonomiplanperioden.

— Kommunestyrets budsjettvedtak gjer det mogleg for kommunen å løyve pengar til å styrke rutetilbodet til og frå kommunen. Dette kan ha stor gevinst for alle som bur i kommunen, bedrifter som er avhengig av pendlarar og for reiselivet, seier Morten Storebø.

I budsjettet vert også rådmannen beden om å setje i gang ei reisevaneundersøking. Denne vil danne grunnlaget for ei eventuell satsing på snøggbåt.

— Før me gjennomfører ei stor og dyr satsing, er det viktig at me får så mykje informasjon som mogleg i forkant. Denne reisevaneundersøkinga vil blant anna ta for seg kor mange fleire som vil velje å ta snøggbåt dersom rutetilbodet blir betre. Det gjeld ikkje minst om fleire som dagpendlar til Austevoll vil ta båt i staden for, dersom den får meir fornuftige rutetider frå Bergen og sørover.

Høgre og Arbeidarpartiet ser ei satsing på snøggbåt i samanheng med sentrumsutvikling av Storebø. I tillegg kan den ha stor betydning for reiselivsnæringa, ikkje minst i Bekkjarvik.