Spør statsråden om tareoppdrett etter besøk i Austevoll
Stortingsrepresentant Charlotte Spurkeland stiller spørsmål til kommunalministeren etter besøk i Austevoll.
Eit nytt oppdrettseventyr som bidreg til å løyse klimakrisa? Dette er forventingane til oppdrett av tare og andre lavtrofiske artar.
Lerøy Ocean Harvest driv allereie med tareoppdrett i Austevoll og dei har planar om mangedobla produksjon i åra som kjem.
11. mars besøkte stortingsrepresentant Charlotte Spurkeland Austevoll og fekk presentert Lerøy Ocean Harvest si taresatsing.
— Tareoppdrett har stort potensial og satsinga til Lerøy Ocean Harvest er utruleg spennande, seier Charlotte Spurkeland.
Tareoppdrett har stort potensial og satsinga til Lerøy Ocean Harvest er utruleg spennande.
Charlotte Spurkeland, næringskomiteen på Stortinget
Ei utfordring for næringa er knappheit på område som er avsett for denne type oppdrettsanlegg i arealplanar. Éi løysing kan vere at det blir laga eit nytt arealformål for det som heiter lavtrofiske artar, som inkluderer tang og tare.
— Styresmaktene må henge med på utviklinga, derfor har eg stilt spørsmål til kommunalministeren om dyrkingsareal for tareproduksjon.
Spørsmålet lyder som følgjer:
«Korleis stiller statsråden seg til forslaget om å lage eit eige arealformål for lavtrofiske artar, og vil regjeringa vurdere å utarbeide ein rettleiar til kommunane om å sette av areal til produksjon av lavtrofiske artar?»
I spørsmålet trekker ho fram gevinstane ved tareoppdrett:
«Produksjon av lavtrofiske arter er svært berekraftig, då det ikkje inneber bruk av land, ferskvatn, kjemikalier eller fôr.
Produksjonen er lønsam, bidreg til fangst av nitrogen og karbondioksid (100 kg CO2 per tonn våtvekt tare).
Vidare gir produksjonen råvarer for human konsum og dyrefôr, og at vi får nye artar i norsk havbruksnæring. Tare kan også brukast i bioenergi, bioplast, kosmetikk og i kosttilskot.»
Spørsmålet kan du lese her. Kommunalministeren har enno ikkje svart.