Stem Høgre

I morgon er Austevolls lengste jobbintervju ferdig for denne gong. Då er det du som avgjer kven som skal sitte i kommunestyret og styre kommunen dei neste fire åra. Eg håpar du gir Høgre jobben. Høgre har dyktige kandidatar, Høgre har god politikk for folk og bedrifter i Austevoll, og Høgre har konkrete løysingar for å betre og utvikle dei kommunale tenestene.

I Austevoll er Høgre eit stort parti. Me har masse medlemmar, eit velutbygd partidemokrati og ekte meiningsbryting. Høgre har ein stolt tradisjon som eit folkeparti i Austevoll og gjennom meir enn 40 år har me gjennomført små saker og store prosjekt til det beste for heile austevollsamfunnet. Som Høgres førstekandidat er det derfor eit stort privilegium å be om veljaranes tillit til å bli ordførar i Austevoll.

Som kommunepolitikar i Austevoll, medlem av fylkestinget, politisk rådgivar i byrådet i Bergen og i regjeringa har eg skaffa meg erfaring og kontaktnett som eg meiner er verdifullt for Austevoll. Sjølv om eg har jobba andre stadar enn Austevoll i nokre år så har eg aldri gløymt kvar eg kjem frå. Når eg stiller til val som ordførar i Austevoll så er det fordi eg har lyst å gjere ein skikkeleg innsats for Austevoll. Og eg skal ikkje gjere jobben åleine. Éin ting eg har lært er at politikk er ein lagsport. På lista har eg med meg Grethe, Liv Bente, Kurt, Hans Erling, Tore, Jofrid, Joon Raymond, Sigve og mange andre. Det som bind oss saman er eit stort samfunnsengasjement og vilje og evne til å få ting gjort.

Mange av utfordringane i Austevoll, er fylkeskommunale ansvar. Derfor er det viktig at Austevoll har tydelege talerøyr i fylkestinget. Austevoll Høgre er så heldig at me har Ragnhild Fagerbakke på 7. plass på fylkesvallista. Ho vil spele ei nøkkelrolle i arbeidet med utbetring av infrastruktur og Ragnhild har ei viktig oppgåve med å sikre at me får på plass eit marint og maritimt kompetansesenter på Sauaneset. Eit sterkt Høgre i fylkestinget er beste måten å sikre framleis borgarleg styring av fylkeskommunen — til det beste for Austevoll.

Det har skjedd mykje i Austevoll sidan Høgre mista makta i 2003. Samstundes er det mykje som burde vore gjort og saker som kunne vore handtert betre. Framover må me sørge for at vegar blir utbetra og ferjetilbodet kraftig forbetra. Me skal løyse krevande utfordringar, men me har løyst større oppgåver før. Me skal styrke opplæringa i skulen, skape tryggleik og sikre gode tenester for dei som treng omsorg og helsehjelp.

Høgre har eit ambisiøst valprogram, med viktige tiltak på ei rekke områder. Målet vårt er at det skal bli betre å bu, leve og drive bedrift i Austevoll. Me har gode politiske løysingar og me har folka som skal få det til. Eg håpar du viser Høgre tillit ved valet. Stem Høgre både i kommune- og fylkestingsvalet. Godt val.