Takk for tilliten!
Høgre er framleis desidert største parti i Austevoll.
Høgre held stand som kommunens desidert største parti.
I Marsteinen si partimåling for januar får Høgre ein oppslutnad på 36,5 prosent.
Det er meir enn 10 prosentpoeng ned til nest største parti.
Målinga er ørlite betre enn resultatet ved stortingsvalet i fjor. Då fekk Høgre 35,7 prosent, den nest høgaste oppslutnaden i landet.
Også ved førre meiningsmåling, i mars i fjor, fekk Høgre ein oppslutnad på 36,5 prosent her i kommunen.
Høgres oppslutnad i Austevoll:
2022 | 36,5 % | Partimåling utført av Marsteinen i perioden 17.-19. januar 2022 |
2021 | 35,7 % | Stortingsval 2021 |
2021 | 36,5 % | Partimåling utført av Marsteinen i perioden veke 11-12 2021 |
2019 | 36,9 % | Kommuneval 2019 |