Vallista er einstemmig vedtatt!

Høgres valliste i Austevoll blei einstemmig vedtatt av nominasjonsmøte i kveld.

Frå venstre: Sigrun Blindheim, Alfred Økland, Line Stenevik, Kurt William Frank, Anita Melingen, Sigve Drønen, Silje Sjursen English, Liv Bente F. Storebø, Charlotte Økland, Arild Sivertsen, Peder Kolbeinshavn, Bente Kari Sletten Taranger, Sicelie Troland, Tor Magne Drønen, Elise Storebø, Inger Marie Hausberg og Line Vik.

Bente Kari Sletten Taranger toppar Austevoll Høgres valliste til kommunevalet om knappe ti månader. Dette vedtok eit einstemmig nominasjonsmøte i kveld.

Med seg på lista har ho både fleire erfarne lokalpolitikarar og mange nye kandidatar.

Anita Melingen innehar andreplassen på lista. Ho er gruppeleiar i denne perioden. Kurt William Frank står på tredjeplassen. Han har vore medlem av kommunestyret heilt sidan 2007, og går dermed for sin femte periode som lokalpolitikar. Torbjørn Karlsen er blant listas mange nye fjes. Han står på fjerdeplass.

På dei neste plassane følgjer Sigve Drønen, Line Stenevik og Alfred Økland, som alle sit i kommunestyret i dag. Elise Storebø er vara til kommunestyret i denne perioden og står på åttande plass. Arild Sivertsen, med fartstid tilbake til Unge Høgre på 80-talet, står på niande plass, etterfølgd av nykomarande Line Vik og Halvard Søreide.

Til saman er det 27 kandidatar på lista, som er det meste ein kan på vallista i Austevoll. 17 av kandidatane var til stades på nominasjonsmøtet i Løo i Bekkjarvik.

1Bente Kari Sletten Taranger19735398 Stolmen
2Anita Melingen19815384 Torangsvåg
3Kurt William Frank19655397 Bekkjarvik
4Torbjørn Karlsen19745392 Storebø
5Sigve Drønen19695394 Kolbeinsvik
6Line Stenevik19755396 V. Vinnesvåg
7Alfred Økland19755384 Torangsvåg
8Elise Storebø19875392 Storebø
9Arild Sivertsen19645384 Torangsvåg
10Line Vik19795397 Bekkjarvik
11Halvard Søreide20045392 Storebø
12Geir Atle Taranger19775398 Stolmen
13Silje Sjursen English19755392 Storebø
14Yngve Drønen Ringdal19755394 Kolbeinsvik
15Tor Magne Drønen19815385 Bakkasund
16Sigrun Blindheim19675392 Storebø
17Karl Erik Hufthammer20035384 Torangsvåg
18Charlotte Økland19875385 Bakkasund
19Jermod Hausberg19505394 Kolbeinsvik
20Sicelie Troland19855384 Torangsvåg
21Peder Kolbeinshavn19645392 Storebø
22Torgeir Veivåg19825397 Bekkjarvik
23Inger Marie Hausberg19925392 Storebø
24Marit Møgster19625397 Bekkjarvik
25Rolf Ove Sørvik19675398 Stolmen
26Linda Øye Lauvik19785397 Bekkjarvik
27Liv Bente Fagerbakke Storebø19605392 Storebø