Velkomen til årsmøte i Austevoll Høgre

Årsmøtet i Austevoll Høgre er laurdag 13. november kl. 17.00 på Bekkjarvik Gjestgiveri.

På møtet får me besøk av stortingsrepresentant Ove Trellevik. Ove skal innleie om den politiske situasjonen i det nye Stortinget og om viktige saker framover.

Ove er medlem av Stortingets energi- og miljøkomité og dessutan leiar av Hordalandsbenken. No er inne i sin tredje periode på Stortinget og har tidlegare vore medlem av næringskomiteen og kommunal- og forvaltingskomiteen.

Stortingsrepresentant Ove Trellevik. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Årsmøtet startar som vanleg med faste årsmøtesaker, blant anna gjennomgang av årsmelding og val av styremedlemar. Vidare blir det orientering om kommunebudsjett for 2022 og drøfting av kva satsingar som blir viktige for Høgre å få inn i budsjettet.

Møtet blir avslutta cirka kl. 19.00 og det blir årsmøtemiddag kl. 19.30.

Både møtet og middagen finn stad i Bekkjarvik Gjestgiveri.

Program:

  • Kl. 17.00 – Behandling av årsmøtesaker
  • Kl. 17.30 – Kommunebudsjett 2022
  • Kl. 18.15 – Innleiing ved stortingsrepresentant Ove Trellevik
  • Kl. 19.00 – Årsmøtet blir avslutta
  • Kl. 19.30 – Årsmøtemiddag

Årsmøtemiddag

Kl. 19.30 inviterer me til årsmøtemiddag. Middagen har ein eigenandel på 600 kroner som inkluderer tre-rettars middag og drikke til maten.

Eigenandelen betaler du på Vipps til #135067 Austevoll Høgre.

Påmelding til middagen gjer du ved anten å vippse eigendel eller sende e-post til austevoll.hogre@gmail.com. Fristen for å melde seg på er fredag 5. november.

Me håpar å sjå deg på årsmøtet!