Øyremerka midlar til helsestasjon og skulehelsetenesta i Giske
I fleire år no har samarbeidskonstellasjonen på borgerleg side satsa på å bygge opp eit godt lavterskeltilbud til barn, unge og deira familiar.
Sidan dei fire partia fekk fleirtal i 2013 er det bevilga over 1,16 milliardar kroner til helsestasjonane og skulehelsetenesta. No har det blitt klart kva kommunar som får midlar i år. Og gledeleg er det, at Giske er ein av dei.
Giske kommune får totalt kr. 1,8 mill. som skal bidra til ein styrking av skulehelse- og helsestasjonen. Dette betyr at barn og unge i Giske vil få eit styrka tilbud hos helsestasjonen og skulehelsetenesta.
Helsestasjonene og skulehelsetenesta gjer ein svært viktig jobb med å hjelpe barn og unge som sliter, og følge opp kvinner og familiar i barselperioden.
Vi er veldig glad for at vi i Giske kan satse endå meir på dette viktige tilbodet. Sterk satsing på helsestasjon- og skulehelsetensta er viktig for å forebygge psykiske plagar blant barn og unge.
Det er viktig at barn og unge har eit godt lavterskeltilbud og det å kunne gjere skulehelsetenesta meir tilgjengelig ved auka tilstedeværelse vil bidra til at elevane lettere kan nå tenesta.
Vi håper det vil bety ein forskjell for dei som treng det.