Ordførarkandidaten for 2027 er klar
Under nominasjonsmøtet av ordførarkandidat 7. oktober 2026 vart sittande ordførar Kenneth Langvatn vald til partiet sin nye ordførakandidat til kommunevalet i Giske 2027.

– Det er ikkje noko sjølvfølge for ein ordførar å bli renominert. Derfor heng den høgt, denne tilliten som partiet no gir meg, seier Langvatn. – Eg har stor tru på den vegen Giske-samfunnet beveger seg i, det er mykje på gong for å møte framtida på ein god måte for oss som bur her. Eg er audmjuk for vervet eg har og tilliten eg har fått, og skal halde fram med stor innsats i den rolla eg måtte få etter valet til neste år.
Langvatn har så langt vore folkevald i Giske kommunestyre i elleve år, den siste perioden som ordførar. Han har bakgrunn som fagmann, ingeniør og bedriftsleiar frå maritim industri, og har hatt ei rekkje styreverv i næringslivet. Lokalt har han frå ung alder alltid hatt eit auge for lokalsamfunnet, og bidrege gjennom tillitsverv innan ulike frivillige lag og organisasjonar.
– Vi er glade for at Kenneth har sagt seg villig til å stille på ny som partiet sin ordførarkandidat for ein ny fireårsperiode, seier lokallagsleiar Kjersti Valderhaug Bakke. – Han har med sitt leiarskap vist at det å samle laget, på tvers av parti, på tvers i befolkninga og i eit breidt samarbeid både i og utanfor kommunen er det som skal til for å lukkast saman som samfunn.
Jobben med å fylle resten av Giske Høgre si valliste er godt i gong. Det er lav terksel for gode borgarar å ta plass på Høgre si valliste. Engasjerte innbyggjarar vert oppmoda til å melde seg til teneste saman i ei breidt samansett partigruppe. Enedleg liste vert vedteken av nominasjonsmøtet på nyåret.