Interpellasjon: Auka satsing innan rusområdet i Giske kommune

Mange i dei svakaste pasientgruppene får ikkje god og rask nok hjelp. Særleg sårbart er pasientgruppa med utfordringar innan rus. Ein ser at overgangen mellom behandling og rehabilitering ofte ikkje lukkast og mange vert gjengangarar i eit system som ikkje fungerer godt nok for den einskilde og deira pårørande.

Mange pasientar i denne gruppa får ikkje god nok oppfølging i kommunane etter at dei er ferdig med behandling i spesialisthelsetenesta. Det kan vere mangel på tilbod som til dømes bustad, arbeid, aktivitet. Vi veit at alt for mange fell tilbake til sitt gamle miljø. Desse utfordringane er kjende og har gjennom tid vore utfordrande.

Regjeringa har difor sett i gong ein forsterka innsats på rusområdet gjennom ein ny opptrappingsplan som skal legge til rette for å sikre betre kapasitet og kvalitet i tilbodet. Vi må auke fokus endå meir for å sikre at alle dei som treng hjelp får den behandling og oppfølging dei treng. Opptrappingsplanen blei lagt fram i 2015 og det følgjer med 2,4 mrd. kroner i ein periode på fem år. Desse midlane skal til kommunane som ein del av dei frie midlane. Det er i kommunane folk bor og det er der dei skal leve og meistre liva sine. Dersom vi skal lukkast betre med å gje menneskjer med rusutfordringar betre tilbod er det nødvendig med ytterlegare styrking av det kommunale tilbodet. Midlane er gitt som ein del av kommunenes frie midlar, det syner tillit til kommunane og det er bra.

Giske Høgre er opptekne av at satsinga skal gje resultat og sikre auka innsats for menneskjer med rusutfordringar. Vi må sikre oss at intensjonen med midlane vert nytte der dei er tenkt. Giske Høgre ønskjer difor at ordføraren gjer greie for korleis midlane for 2016, 348 000 og for 2017, 273 000 er nytta. Vidare korleis Giske kommune vil følge opp for å sikre intensjonen vert fylgt opp dei neste åra.