Forvaltning av øyrikets goder

Vi er øybuarar, vi som held til her ute i øyriket vårt. Om øybuaren i Giske kan det mellom anna seiast: Ein bonde eller fiskar, med brei dialekt, over snittet interesserte i fly eller båt, er blyg, nokre meir framfusne, dei aller fleste stolte og patriotiske.

Mange kan kjenne seg igjen i dette, andre ikkje. Vel, vi består av folk frå alle aldrar og samfunnslag, til liks med slik det er alle andre stader i landet. Mangfald er stikkordet, tenkjer eg, i sterk vekt. For folketalet veks stadig. Vi bur i ei kommune som er så attraktiv å bu i at folkeveksten er heilt i toppen i fylket. Og kva er vel betre enn fleire naboar, nye klassekompisar og fleire skatteytarar? Svaret skulle vore enkelt, men er delt. Men først, kvifor er det slik at vi har det så godt her ute? Er det menneska, er det naturen eller bustadprisane, er det skulane, butikkane, flyplassen, er det Alnesfyren eller er det jentene som dreg? Eg tenkjer at det må vere totalpakka. Om ein skal gå matematisk og statistisk til verks seier Kostra-tala at Giske kommune leverer bra på kommunale tenester. Og menneska og naturen veit vi held høg standard.

Økonomi

Høg standard på kommunale tenester koster. Store investeringar dei siste åra gjer at vi no har høge gjeldsavdrag og ein anstrengt økonomi. Kvar haust startar budsjettarbeidet, som i desember skal ende i eit budsjett for komande år og ein økonomiplan for dei næraste åra. I kampen om å få budsjettet i balanse, har det vore nytt fleire metodar. Ostehøvelprisnippet kjenner dei fleste som i ei eller anna form har vore med på nedskjering og kutt. Dette prinsippet har tidlegare vist særs liten effekt. Det er derimot viktig å gjere målretta prioriteringar med omsyn på kva effekt ei nedskjering eller tilleggsløyving har. Effektivisering av tenesteproduksjon gjer det rimelegare å drive tenester. Men for å effektivisere i eit tenesteområde, treng ein omstilling og ofte ei auka økonomisk ramme i omstillingsfasen. Med mange og relativt små einingar er det kanskje grunn for å tru at slike omstillingar er dyre og vanskelege. Gode prosessar har likevel blitt sett i gong av rådmann og einingar, som vonleg vil gi gevinst. Når kommunen skal dekkje tap frå tidlegare år, samtidig som gjeldande budsjett ikkje ser ut til å halde, er det naturleg at vi må vere nøysame i drift og framtidige investeringar. Sjølv om det er brukt mykje midlar på ny skule og nytt omsorgssenter, er det fortsatt behov for nye skulebygg, og på litt sikt også meir kapasitet innan eldreomsorg. Oppvekst og helse er to av dei viktigaste område som kommunen må fortsette å prioritere. I ei tid med lite handlingsrom er det difor naudsynt at andre viktige, men likevel mindre viktige prosjekt, må vente. Idrett og kultur har fått gode tilhøve, der frivillegheit no skal drive aktiviteten framover. Frivilleg arbeid gir store verdiar til samfunnet, og skal underbyggjast av målretta kommunale ordningar.

Kommunale tenester

Like viktig som gode offentlege bygg å huse barn og eldre i, er innhaldet i tenestene. Giske kommune ligg langt frame i å ta i bruk nye instrument og virkemiddel, både innan oppvekst og helse. Men vegen er av og til lang for å få den effekten vi vil ha. Investeringane innan digitalisering, har særskilt i skulen gitt nærast omgåande effekt på kvaliteten i læring. Eg har sjølv sett kva dette har bidrege til auka leseferdigheit og generell meistring, spesielt i småskulen. Digitalisering i omsorgstenestene har innsparingspotensial først på litt sikt, sjølv om einingane har kome langt i implementeringa. Giske Høgre held fast ved at ein skal halde fram med satsingane på tiltaka som gjer tenestene betre og meir effektive, og som generelt gjer det lettare å treffe behova. Dette er eit område der omsynslaus innsparing ikkje gir kommunen betre økonomi.

Bustadutvikling og innbyggjardialog

Takt og form i bustadutviklinga i kommunen må balansere mellom behova i samfunnet, innbyggjarane og utbyggjarane. Samtidig må ein vurdere kva folkevekst kommunen toler med hensyn til investeringsbehova dette fører med seg innan infrastuktur og tenestetilbyding. Kommuneplanen skal ivareta og vere med på å regulere denne utviklinga. Arealdelen er no under rullering, og arbeidet med dette held fram utover vinteren. Viktige element er mellom anna fortetting, plassering av nye bustad- og næringsareal og etablering av nytt kommunesenter. Resultatet skal ut til offentleg høyring. Offentleg høyring er eit svært viktig instrument i den politiske saksprosessen. Giske Høgre har lenge fronta den viktige dialogen mellom innbyggjarar og politikarar. Den beste utviklinga av lokalsamfunnet skjer i løpande innbyggjardialog. Detaljplanar er mellom anna noko vi politikarar er opptekne av at innbyggjarane skal verte høyrt i. Engasjementet er stort, særskilt blant innbyggjarane på Valderøya. Ei øy som har hatt stor utbygging det siste tiåret, med mykje ny bustadkapasitet tilpassa førstegongsetablerarar. Det er viktig med varierte bustadtyper, som stimulerer ein jamn demografi. Kanskje kan det vere rett å legge meir til rette for blokkbustader med høg standard, som vil dekkje ein etterspurnad blant generasjonen 55+. Dette spørsmålet er eitt av mange, som vi lettare kan få svar på i høyringar og møter med både innbyggjarar og utbyggjarar.

Næring

Giske er i første rekkje ei bukommune, men er også ei av dei største fiskerikommunene i landet. Denne statusen skal befestast når vi får ny nasjonal fiskerihamn på Gjøsund. Mykje godt arbeid er gjort, og dette skal halde fram for å få prosjektet realisert. Både politisk, av kommuneadministrasjonen og næringa sjølv. Denne typen samarbeid er avgjerande for vidare utvikling av kommunen vår. Ei kommune med stort potensiale for industri, jordbruk, handel, reiseliv, bustadutvikling, natur og friluft. Ressursar vi skal vere audmjuke for å ha, og som vi skal forvalte rett. Giske skal også i framtida vere øyriket som byr på ei totalpakke for alle, i alle aldrar, frå alle stader.