Milliondryss til Giske kommune
Fiskerikommuner og -fylkeskommuner får no utbetalt til saman tre milliardar frå havbruksfondet, etter at regjeringa opna for ytterlegare vekst i næringa. Giske kommune får over 6,1 millionar.
Havbruksfondet vart oppretta i 2016 og skal sikre havbruksfylker og –kommunar inntekter frå veksten i havbruksnæringa. Omlag 160 kommunar og 10 fylker får utbetalt midlar, derav 87,5 prosent til kommunane, i høve Fiskeridirektoratet sin fordelingsnøkkel.
– Havbruksnæringa er Noregs viktigaste framtidsnæring. Dei grepa som regjeringa har gjennomført for vekst i næringa gir resultat på fleire nivå. Verdiskaping og arbeidsplassar i den eine enden, og store gevinstar for kommunane i den andre.
Skal stimulere kommunar
– Havbruksfondet er ei ordning som skal stimulere kommunen til å legge til rette for næringa. Det er viktig for oss at desse midlane no kan bidra til framhalden vekst i havbrukskommunane.
Etter fleire år med mindre vekst har regjeringa opna for meir produksjon i næringa. Det nye «trafikklyssystemet» vart sett i verk i 2017 og skal sørge for føreseieleg og berekraftig vekst. Landet er delt inn i tretten fargelagte soner som avgjer om oppdrettarane i området får lov til å vokse.
– Dette er ein fornuftig måte å gi tilbake til lokalsamfunna på. Giske kommune får kompensasjon for bruk av, og utvikling av sjøareal. Det er ei rettferdig ordning som samstundes sikrar vekst og utvikling.