Nominasjonsprosessen kommunevalet 2019
Nominasjonskomiteen har hatt sitt første møte, 30.4.2018.
Nominasjonsmøtet gjennomførast normalt innan 1. desember i mellomvalsåret, og seinast innan 28. februar i valåret. Nominasjonskomiteens innstilling skal føreligge og offentliggjerast seinast 14 dagar før nominasjonsmøtet. Nominasjonsmøtet gjerast kjent seinast tre månader før møtedato.
Styret i Giske Høgre skal fastsette dato for nominasjonsmøte. Nominasjonskomiteen har foreslått å ha nominasjonsmøte 20.8.2018 og 12.11.2018. Nominasjonskomiteen ynskjer å ha eit eige nominasjonsmøte for ordførarkandidat (20.8), før dei andre kandidatane nominerast. Ved å nominere ordførarkandidaten tidligare, gis vedkommande høve til å ta del i både program og nominasjonsprosess, samt å starte dialog med veljarane. Når det gjeld dei andre kandidatane så blir det gjennomført nominasjonsmøte 12.11.
Dagens tre kommunestyrerepresentantar har meldt tilbake, og det er ein representant som ynskjer å verte nominert til valet 2019. Nominasjonskomiteen vil halde fram arbeidet med å finne gode kandidatar. Dersom du ynskjer å stille eller har forslag til kandidatar, set nominasjonskomiteen pris på ei tilbakemelding. Innspel kan sendast til Ole-Andre Grebstad (e-post: oagrebs@gmail.com).
Nominasjonskomiteen kjem med innstilling til ordførarkandidat 6.8.18, og innstilling til dei andre kandidatane 29.10.18.
Nominasjonsmøta består av alle frammøtte medlemmar som har vore medlem i minst 4 veker, og betalt kontingent. Er du usikker på om du har betalt kontingent, ta kontakt!Med venleg helsing
Nominasjonskomiteen