Ny topptrio til komande kommuneval
Nominasjonsmøtet i Giske Høgre har talt – Tre kandidatar vert kumulert til partiet si valliste for kommunevalet 2023
Nominasjonsmøtet i Giske Høgre gjorde få endringar på nominasjonskomiteen sitt framlegg. Toppkandidaten var samrøystes valgt til partiet sin ordførarkandidat til komande kommuneval. I tillegg vart lista sin andre og tredjekandidat kumulert.
Dei tre på topp er:
1. Kenneth Langvatn – ordførarkandidat
2. Kjersti Valderhaug Bakke
3. Louise Haahjem
Resten av lista får lokallagsstyret fullmakt til å supplere, med frist innan 24. mars.