Sjøfart i stadig endring
I Giske kommune bor det mange familiar med éin eller fleire i arbeid på sjøen. Dei fleste er knytt til fiskeri, men mange óg innanfor anna skipsfart. Den oljerelaterte næringa har gjennomgått den tøffaste kneika nokon gong, og står framleis midt i tøffe omstruktureringar for å berge rederia og arbeidsplassane.
Nedgongstidene har gjort seg gjeldande for mange tilsette ombord på offshore-skip, der nokon har vorte permitterte og andre til og med mista jobben. Og grunnane til at mange skip vart lagt i bøya, er mange og komplekse. Men enkelt sagt har det med oljeprisen å gjere, og mykje med at norske offshorerederi konkurrerer i ein internasjonal marknad der det finnast langt fleire skip en det er behov for. Den norske flåten er jamt over nyare og dyrare å drifte, difor er det stort sett flunkande nye skip vi ser har lagt fortøyd langs kysten. Avskrivne utanlandske skip er billige nok til å konkurrere om dei lave ratene.
I 2017 har vi ved fleire høve sett positive teikn til at offshore-aktiviteten har teke seg opp att. Fleire og fleire skip i opplag slepp tampane og dreg avgårde på større eller mindre oppdrag. Spot-marknaden har seinast no i sommar nådd eit ratenivå som fleire norske fartøy finn lønsame. Slike positive teikn vert særs godt tekne i mot i næringa. Når ei stor næring er i særstilling som dette, krevst det nye virkemiddel og insentiv for å oppretthalde og styrke konkurranseevna til sjøs. Høgre i regjering har betra vilkåra for skipsfartsnæringa mellom anna gjennom:
• Styrking av tilskuddsordninga for sjøfolk
• Oppmjuking av fortsområdebegrensningane for NIS-skip
• Styrking av norsk maritime kompetanse gjennom Markom2020
• Satsing på tvers av havnæringane
Hovudpoenget med desse tiltaka er at så mange sjøfolk som mogleg har ein jobb å gå til. Og for å trygge arbeidsplassane, må rederia ha konkurransedyktige vilkår. Den vanskelege perioden som offshorerederia er i, viser med tydelegheit kor sårbare dei norske arbeidsplassane til sjøs er, når utanlandske aktørar har konkurransefortrinn. Høgre i regjering sørger difor for betre tilhøve for norskeigde arbeidsplassar. Endringane i NIS-krava har gjort det mogleg for fleire norske skip å konkurrere om jobbane, samstundes som dei byttar ut dei utanlandske flagga til fordel for det norske. Meir enn 40 skip har flagga heim som følgje av desse endringane som regjeringa har vedteke.
Opposisjonen har likevel teke til orde for at endringane i NIS-krava berre er å gå skipseigarane sitt ærend, og at dei ikkje gjer nok for den norske sjømannen. Det er sjølvsagt ei altfor enkel framstilling. Høgre har med desse tiltaka lagt eit betre grunnlag for dei norskeigde rederia sin eksistens, noko som dei fleste forstår er ein klar føresetnad for å oppretthalde norske arbeidsplassar. Det er og gjort ulike tiltak for å avgrense omfanget av utanlandsk arbeidskraft på norsk sokkel, som til dømes tilskuddsordninga for tilsetting av sjøfolk. I ei næring som opererer i ein open internasjonal marknad er det imidlertid uråd å overregulere arbeidsmarknaden. Proteksjonismen som ein kan sjå eksempel på i enkelte land, er ikkje ein modell vi vil innføre på norsk sokkel, når næringa treng å utvikle seg vidare opp og fram. Allmenngjering på norsk sokkel er uheldig då det vil heve kostandsnivået her heime, samstundes som ein må konkurrere på internasjonale vilkår når dei same norske fartøya går i internasjonal skipsfart. Allmenngjering er kortsiktig politikk, og gir inga drivkraft til å gjere det norske eigarskapet berekraftig. Stadig aukande globalisering gjer at den internasjonale konkurransen vert tydelegare. Då har norsk industri éin ting å gjere, halde oppe den særnorske kvaliteten med stadig utvikling og nyvinning. Det har aldri vore i god sunnmørsk ånd å gi etter for sterk konkurranse, snarare har dette gjort industrien så sterk som den er i dag. Slik skal vi også sjå den norske offshore-flåten inn i framtida. Norskeigde båtar med sjøfolk frå Giske, Sunnmøre og ellers i landet skal prege norsk sokkel, og skal fortsatt vere spydspissen i utviklinga av internasjonal skipsfart i stadig endring og utvikling.
Lokalsamfunna så vel som verda elles er i stadig endring, raskare enn nokon gong. Då må vi skape rammebetingelser som underbyggjer utvikling, framfor å la endringsvegringa regjere. Morgondagen vil alltid vere litt annleis. Det er viktig å ta med seg når ein skal tenke langsiktig. Høgre gjer Norge klar for framtida.