Vi heier på landbruket

Kvaliteten på landbruksareala i Giske kommune er av den beste i heile regionen. Dette er først og fremst ei gode som jordbrukarane har, men det fører også med seg eit ansvar som vi som samfunn må hegne om. Vi snakkar her om berekraftig forvaltning av jorda, som sikrar grøde for generasjonane etter oss. Her er det mange som har eit ansvar.

Fornøgd ku i vakkert kulturlandskap

Av
Kenneth Langvatn, ordførarkandidat
Knut Egil Nordstrand, kommunestyrerepresentant

For den observante og ekstra samfunnsengasjerte borgar som fylde med på ordskiftet i kommunestyremøtet i Giske 27.04.2023, så kunne ein få med seg at nettopp dette temaet var oppe til debatt. Vi drøfta kommuneplanen sin samfunnsdel, og i kor stor grad viktige tema om jordforvaltning skulle innlemmast i planen. Heilt konkret handla det om gode innspel frå Giske Bondelag, knytt til berekraftig forvaltning, handheving av jordlova knytt til manglande jordleigeavtalar, med meir. Essensen i framlegga er alle viktige og riktige å sette på dagsorden, mellom anna at dagens drivarar av landbruksjord ikkje får tilstrekkeleg tilgong til leigejord, gjennom avtaler som jordlova krev. Årsaka er grunneigarar av nedlagde bruk, som ikkje fyl opp si plikt til å inngå slike leigeavtalar med drivande jordbrukarar. Slike avtalar er viktig for mellom anna å kunne sikre store og nødvendige investeringar som i dag trengs for å drive effektiv og berekraftig matproduksjon. Denne problemstillinga har vore tema tidlegare og treng heilt klart ei oppfrisking. I staden for å nemne det i eit overordna og generelt dokument som kommuneplanen er, så vil vi i Høgre heller adresse problemet der det kan gjerast noko med. Så i forkant av neste møte i landbruksnemnda vil vi adressere dette ovanfor landbrukskontoret, og be om sterkare handheving av problemet. Målet er at all matjord eigd av andre enn aktive jordbrukarar, vert underlagt leigeavtalar som sikrar berekraftig forvaltning av jorda.

Eit anna tema i debatten var matsikkerheit og matberedskap. Vi tenkjer at jordbruket utgjer – saman med fiskeri og havbruk – den viktigaste bestanddelen i nasjonal matsikkerheit og -beredskap. Og det er dette at vi må sjå beredskapen i eit nasjonalt perspektiv, som er grunnen vil at Giske Høgre er restriktive til at Giske kommune sin kommuneplan skal slå fast at matberedskapen skal vere lokal.  

Giske Bondelag peika i sine innspel også på rekrutteringsutfordringane til næringa. Det er prisverdig av unge gardbrukarar som satsar høgt for å bli matprodusentar. Støtte til nye unge som vil inn i næringa kan kome i fleire former. Giske Høgre tenker at samfunnet skal legge til rette for nyrekruttering til landbruket, men vi meiner ikkje at Giske kommune kan forplikte seg til å støtte einskilde næringar spesielt gjennom å slå dette fast i kommuneplanen.

Giske Høgre ynskjer slike initiativ frå det lokale bondelaget hjarteleg velkomen, for å sikre føreseielegheit og framtidig matproduksjon i Giske kommune. Vi heiar på landbruket, på bonden, på jordvern og på berekraftig forvaltning av landbruket.