Carl-Henrik Myrseth Moltumyr sitt innlegg på Høyres Landsmøte
Carl-Henrik M Moltumyr snakker om Co2 avgiften for fiskeflåten.

Kjære landsmøte,
Eg står her for å kjempe for vår stolte fiskerinæring – ei næring utan subsidiar, men som har gjort Noreg verdsleiande innan berekraftig matproduksjon. Vår moderne fiskeflåte skapar arbeidsplassar, verdiskaping og sunn mat til millionar, men i dag blir næringa råka av ein politikk som straffar dei som har bygd opp denne suksessen – nemleg CO₂-avgifta på drivstoffet dei bunkrar.
CO₂-avgifta på drivstoff legg unødvendige kostnader på fiskebåtane våre, faktisk så mykje at det lønner seg å gå via Shetland for å sleppe unna! Dette er ein uakseptabel situasjon der utanlandske aktørar blir favoriserte på kostnad av våre eigne fiskarar.
La meg gi eit konkret døme på kva dette faktisk betyr:
Frå ei av Noregs største fiskeribyar og min heimby, Fosnavåg, tek det om lag 24 timar éin veg til Shetland. Ein ganske stor båt brukar då rundt 500 liter i timen på ein slik seglas – éin veg! Gonger vi det med to, og så opp igjen med talet på båtar som tek denne turen, kjem vi opp i eit enormt volum! Tenk litt på det!
For meg er det VI som er partiet som skal stå bak fiskerinæringa vår! Eg meiner derfor at norske fiskebåtar må få FRITAK frå CO₂-avgifta. Dette handlar ikkje om å gi opp klimamåla – tvert imot. Det handlar om å støtte ei næring som faktisk leverer resultat og satsar på ny teknologi. Det er VI som må utvikle målretta støtteordningar som gjer at flåten kan velje grønare alternativ. Per i dag finst det ingen reelle alternativ til diesel som fungerer.
Så, kjære landsmøte, la oss saman stå opp for rettferd, for våre fiskarar og for kystsamfunna våre. La oss sikre at den norske fiskeflåten får halde fram med å skape verdiar og tryggleik for Noreg – også i framtida!