Nominasjon til fylkestingsvalet
Nominasjonskomiteen føreslår fylkesordførarkandiat

Møre og Romsdal Høgre har vedtatt å gjennomføre tidlegnominasjon av 1. kandidaten til fylkestingsvalet 2027. Vedkomande er også partiets fylkesordførarkandidat. Nominasjonsmøtet skal vere i Molde 6. juni, der Høgres nye leiar, Ine Eriksen Søreide, vil vere til stades.
Ein samrøystes nominasjonskomite føreslår Anders Riise som Høgres 1. kandidat/fylkesordførarkandidat ved valet i 2027.
Sitat frå Helge Orten:
- Anders har gjort ein framifrå jobb som fylkesordførar i inneverande periode og under hans leiing er ein negativ økonomisk situasjon snudd til overskot og auka handlefridom. Gjennom sin inkluderande leiarstil og positive veremåte har han leia fylkeskommunen gjennom krevjande prosessar og ei heilt naudsynt omstilling, seier leiar av nominasjonskomiteen Helge Orten.
- Møre og Romsdal fylke har store oppgåver føre seg. Anders har vist at han er ein fylkesordførar som ønskjer å utvikle heile Møre og Romsdal, og som har stor forståing for det behovet både folk og næringsliv har for eit godt kultur- og utdanningstilbod, ein framtidsretta infrastruktur og eit kollektivtilbod som fungerer. Anders er rett person til å lede fylkeskommunen inn i neste periode, og det er ei stor glede for oss å foreslå han som vår fylkesordførarkandidat, fortset Helge Orten.
Sitat frå Anders Riise:
- Eg er sterkt motivert til å vere Høgre sin fylkesordførarkandidat til valget i 2027, og lede dette flotte fylket i dei neste 4 åra. Vi har hatt ein stor ryddejobb i denne valperioda, no er tida inne for å utvikle, samle og styrke fylket, seier ein engasjert Anders Riise.
- I Møre og Romsdal står verdiskapinga sterkt, med solide eksportbedrifter innan maritim, havbruk, fiskeri og industri. Det gjev oss store moglegheiter. Vi må ta aktive val no. Vi må skape fleire jobbar, få fleire til å bli verande, og byggje eit fylke som heng saman – både økonomisk og geografisk, avsluttar Riise.
Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Høyre, 21.05.2026
Helge Orten, leder
Tlf 926 87 448