Skal vi bevare nynorsk med tvang?
Ivar Aasen sa allereie i 1836: «Den nye språkforma burde ein likevel absolutt ikkje påby eller presse på nokon.»
Gaute Grøtta Grav, ordførerkandidat Rauma Høyre og Monica Molvær, fylkestingskandidat og ordførerkandidat Ålesund Høyre FOTO: PRIVAT
Kvifor har ein ikkje høyrt på han?
Språk vekkjer kjensler om identitet, historie og kulturarv, og det har vi stor respekt for. Men respekt for eit synspunkt må ikkje gli over i urettmessig forskjellsbehandling. Fridom og likeverd mellom nynorsk og bokmål er viktig, og den beste måten å bevare språk, er gjennom valfridom.
Møre og Romsdal fylkeskommune har i dag nynorsk som målform, men vi ønskjer å gjere målforma nøytral slik at tilsette kan velje mellom bokmål og nynorsk som arbeidsspråk. Det handlar om kvardagen til rundt ca 2500 tilsette.
Høgre ønskjer modernisering, fornying og forenkling av det offentlege, og då ser vi det som naturleg at tilsette skal få velje kva målform dei vil bruke i dagleg arbeid.
I tillegg er det viktig at fylkeskommunen kan rekruttere dyktige tilsette blant eit stort mangfald, for å få tak i verdifull arbeidskraft. For enkelte er det å beherske norsk i seg sjølv ei utfordring, om dei ikkje må tvingast inn i ei spesifikk målform i tillegg.
Mangelen på nøytral målform kan i verste fall føre til at terskelen for å søke jobb i fylkeskommunen blir høgare enn for å søke seg til andre stader i landet. Då gir vi oss sjølve eit dårlegare utgangspunkt enn nødvendig i den viktige konkurransen om kompetanse og fleire innbyggjarar til fylket.
Kjernen i det å ha ein nøytral språkform er nemleg å legge til rette for ein effektiv administrasjon og ein attraktiv arbeidsplass.
Først publisert i Romsdals Budstikke.