Søk
Njåstad sett frå Svartatjørn

Resolusjon ved årsmøtet i Osterøy Høgre

Årsmøte i Osterøy Høgre vart halde i rådhuskantina torsdag 11. februar kl. 19.00-22.00

Osterøy Høgre er uroa over at prosessen knytt til kommunereforma har gått seint i vår kommune, og at det no er knapt med tid før det skal gjerast endeleg vedtak. Dette stiller svært høge krav til utgreiinga, og til det å få innbyggjarane involvert og opplyst.

Større og fleire oppgåver gjer at vi meiner at Osterøy kommune bør bli del av ei større eining. Osterøy Høgre har tidleg signalisert at vi er positive til kommunereforma, og at det einaste reelle alternativet til å halde fram som eigen kommune, er å bli del av ein ny kommune saman med Bergen, men ikkje utan at den nye kommunen opnar for ei form for lokalstyre i bydelane.

Vi meiner at kommunereforma kan for Bergen kommune vere ei demokratireform, der ein kan få på plass bydelsstyrer etter modell av Oslo, med både budsjett og vedtaksmynde i ein del saker.

Eit bydelsstyre for Osterøy og Arna - og eventuelt Vaksdal - kan bidra til ei positiv og meir heilskapleg utvikling for Bergen Aust. Vi trur at kommunereforma på sikt kan bidra til at denne delen av Bergensregionen vert meir synleg og trur at ein del av løysinga på dei utfordringane som Bergensregionen har når det gjeld vekst, ligg nettopp hos oss. Utviklinga må skje på premiss som ivaretek vår lokale identitet og kultur.