Omkamp… igjen

Kva Osterøy Høgre meiner om lovlegkontrollane

På villspor på Osterøy

Høgre registrerer at Osterøy Frp har levert inn lovlegkontrollar til tre av dei fjorten sakene som var handsama i heradsstyremøte 7. april og at dette er dekka av lokalavisa måndag 12. april.

Ordførar Lars Fjeldstad har alt dagen etter møtet lagt seg flat og bedt om orsaking for at lovheimelen som var brukt til å lukka møtet for dei to siste sakene ikkje var opplyst før etter at møtet var lukka. Det bryt med heradsstyret sitt reglement. Vi hadde då sete i møte i nærare ti timar og klokka gjekk mot midnatt. Vidare hadde han i byrjinga av møtet alt opplyst om at det ville bli lukka i dei to siste sakene.

I opptaket kjem det tydeleg fram at ordførar gjer greie for dette og ber om tilslutnad frå heradsstyret om å lukka resten av møtet. Ein må tyde tagnaden og tommel opp frå deltakarar som aksept i tråd med krava i kommunelova §11-5 tredje del, og det var ingen representant som ba om debatt om lukkinga av møtet eller fremja krav om formell avrøysting. At ordførar ber om slik tilslutnad er etablert praksis i Osterøy heradsstyre og har alltid vore godteke av representantane.

At denne handlinga skal ha påverka utfallet i saka og er soleis grunnlag for to lovlegkontrollar stiller vi oss undrande til i Høgre.

Tredje saka som Frp krev lovlegkontroll av er innbyggjarinitiativet om kommunesamanslåing med Bergen. Etter ein lengre debatt sat heradsstyret att med tre framlegg til vedtak: Eitt frå Frp, eitt frå SV og MDG, og eitt frå Sp. Dei to fyrste var nok så like og oppmoda mellom anna til folkerøysting medan det siste sa blankt nei til kommunesamanslåing.

I avrøysting der det er fleire alternative framlegg skal representantane ha høve til å ikkje røysta for framlegg dei er imot. Difor skulle vi røysta over dei ein og ein om gongen. Her insisterte Frp sin representant at vi måtte røysta over Sp sitt fyrst fordi «det var mest ytterleggåande» og når det framlegget fekk reint fleirtal med hjelp frå Frp sine røyster var det ikkje noko tvil: Saka var avgjort. Frp hadde valt å røysta på Sp sitt framlegg og ikkje sitt eige.

At Frp leverer lovlegkontroll på eit vedtak dei sjølv har vore med på å sikra fleirtal for meiner vi i Høgre er uforståeleg! Dei nemner korkje det eller at framlegget fekk fleirtal i kravet om lovlegkontroll, noko som er sers misvisande.

Med tanke på Frp sitt utspel med lovlegkontroll kan ein undra om dei eigentleg ynskja seg eit anna utfall i saka, men vi meiner dette er feil metode. Det hadde tatt seg betre ut å vedgå at partiet hadde røysta feil og bedt om å få saka opp att, i staden for å gje ordføraren skulda og meina at vedtaket var fatta på feil grunnlag.

Høgre skulle sjølvsagt sett at saka vart teken opp att men ikkje på dette viset; Målet heilagar ikkje middelet. Vi ser ingen grunn til å ta dei tre sakene oppatt til handsaming med grunnlag i at noko ulovleg skal ha skjedd.

Dette meiner vi uavhengig av om vi var samde eller usamde i dei opphavlege vedtaka som vart fatta.