Kommunereform i valkampen

Kvifor var Osterøy Høgre så tydelege på at partiet var for kommunereformi valkampen?

Meiningsmålinga

I juni tinga vi ei meiningsmåling frå Respons for å finna ut kva støtte partiet hadde blant veljarane, og for å finna ut kva ostringane meinte om kommunereforma. Resultatet var rundt rekna at helvta var for kommunesamanslåing, ein tredel var imot, og ein sjettedel var usikker.

For å vera eksakt var det 501 personar som tok stilling til spørsmålet «Stiller du deg positiv eller negativ til at Osterøy slår seg saman med ei eller fleire andre kommunar?» Det var 49% som var positive, 34% var negative og 17% usikre.

Blant dei som gav opp politisk partipreferanse var det fleirtal i Høgre, Venstre, Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti for kommunereform. I Krf var veljarane delt nøyaktig i tre (positive, negative og usikre), medan i MDG og Senterpartiet var fleirtalet imot.

Det var lita skilnad på meiningane til kvinner og menn, medan alder hadde mykje å seie:

Under 30 år 30-44 år 45-59 år 60 år og eldre Til saman
Positive 33% 60% 55% 47% 49%
Negative 47% 24% 28% 37% 34%
Usikre 20% 15% 17% 16% 17%

Valkampen

Vi i Osterøy Høgre la mestparten av vårt arbeid i valkampen i å gå husbesøk, og der spurte vi dei aller fleste kva dei meinte om kommunereforma. Vi merka at veldig mange var positive men brukte tid på å høyre med dei som var negative kva det var som gjorde at dei var imot. Det var få som var klar over kor dårleg det står til med økonomien «Seier du det?», eller «Det stod i Bygdanytt at kommunen gjekk med overskot i fjor, kvifor er det plutseleg så dårleg no?» og «Det har alltid vore dårleg økonomi i kommunen så det er ikkje noko nytt.» Nokre svara at dei «lika tanken på at vi er eigen kommune» eller meinte at «vi må no vera store nok til å klara oss sjølv

For dei fleste som var imot var det meir eit spørsmål om identitet enn eit spørsmål om kommunale tenester.

Budsjett 2020

Det nyvalde heradsstyret har fått levert administrasjonen sitt fyrste utkast til budsjettet for neste år. Rådmannen har til no funne mange ulike tiltak som til saman reduserer drifta med 13 millionar neste år, men det manglar enno 16 millionar for å saldera budsjettet (få inntektene til å dekka utgiftene).

Ho skriv mellom anna at «Dei kutta vi har gjort framlegg om går ut over både kvalitet og kvantitet på tenestene. Innsparingane kjem til å merkast. Det som er lagt inn er likevel ikkje nok til å saldera budsjettet og utfordringa vert skuva framfor oss inn i 2021. Utviklinga er ikkje god og heller ikkje berekraftig på sikt.»

Om prisen for å vera eigen kommune er at vi innbyggjarane må godta reduserte tilbod i samanlikning med naboane våre, meiner vi at den er vorten for høg.

Innsparingane vill ikkje berre gå ut over oss som treng dei kommunale tenestene, dei vil også gå ut over alle dei dyktige og høgt kompetente tilsette som jobbar i kommunen. Vi er heldige som har så mange flinke folk men vidare kutt i dei rammene rundt deira oppgåver vil fort føra til utbrende eller sjukmelde tilsette, eller tilsette som finn seg anna arbeid fordi dei ikkje lengre kan utføra sine oppgåver på forsvarleg måte.

Til slutt

Osterøy heradsstyre vil i samarbeid med administrasjonen gjere alt det kan for å finna fleire område der ein kan spara inn på drifta og få budsjettet for 2020 til å gå opp. I 2019 brukte vi delar av sparepengane til å klara det men den potten er snart tom.

Kva gjer vi neste år? Kva tid er det nok?