Refleksjonar etter valet og forhandlingane

Skuffa men ikkje vonbrotne

Hjalti, Veronica og Atle på stand utafor Coopen på Valestrand i valkampen 2023.

Takk til alle ostringar som valde å røysta på Høgre i kommunevalet. At de var fleire som gav oss tillit denne gongen enn for fire år sidan er me veldig glade for.

Me er likevel litt skuffa. Skuffa over at me ikkje greidde å få fleire av våre særs kompetente kandidatar inn i heradsstyret. Skuffa over at me ikkje greidde å få nokon kvinne til å stilla som listekandidat. Skuffa over magekjensla om å måtte ta ansvar litt for ofte ikkje gjev noko resultat. Og skuffa over oss sjølve som ikkje har prioritert å synleggjere den gode Høgre-politikken me har fått gjennomslag for i førre periode.

Osterøy Høgre si nyvalde heradsstyregruppe er oppteken av handlekraft og at endring må til for å sakte løfta kommunen ut av den vanskelege stoda den så lengje har vore fastlåst i. I førebuinga til forhandlingane var gruppa derfor samd om at me måtte få lovnader om politiske konsesjonar for å ta del i eit samarbeid der også me skal bæra ansvaret for kommunen si framtid.

Me venta sjølvsagt ikkje at alle ville verta godtatt, og me venta også å måtte godta nokon av dei andre sine hjartesaker for å få til ein samarbeidsavtale.

Våre krav var følgjande:

1. Kommunereform

Samtidig med Stortingsvalet i 2025 skal det haldast ei folkerøysting om Osterøy skal slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar, eller framleis stå åleine. Om fleirtalet av røystene viser at ostringane ønskjer kommunesamanslåing skal heradsstyret setja i gong ein slik prosess. Prosessen skal mellom anna omfatta sonderingar med nabokommunane, samtalar og forhandlingar med dei, ein eventuell avtale, folkeopplysing om avtalen, folkemøte om avtalen, og avsluttast med avrøysting i heradsstyret om avtalen.

2. Økonomi

Halve utbetalinga frå Havbruksfondet skal inn i kategorien «bundne driftsfond» og øyremerkast politiske prioriteringar. Det som er att av tidlegare utbetalingar i fondet skal overførast til dispensasjonsfondet ved kvar nye innbetaling. To millionar av utbetalinga skal kvart år overførast til Osterøy utvikling i form av kapitalinnskot for å sikra selskapet si vidare drift.

3. Eigedomsskatt

Eigedomsskatten i Osterøy kommune skal reduserast kvart år:

  • Bustad: 0,25‰ kvart år, til saman ned 1,0‰ i løpet av perioden til 3‰
    Utgiftene må reduserast med om lag 1.312.500 kvart år grunna denne endringa.
  • Næring, hytte osb.: 0,5‰ kvart år, til saman ned 2,0‰ i løpet av perioden til 5‰
    Utgiftene må ned med 465.000 kvart år som resultat.

Til saman er dette ei nedskjering på om lag 1.780.000 kvart år i perioden som må fordelast over kommunebudsjettet med «ostehøvelprinsipp».

4. Planverk

Rullering av temaplan for trafikksikring skal inn i planstrategien med oppstart i 2024. Trafikksikring av sentrum av Fotlandsvåg skal vera særskilt prioritert i planen og denne prioriteringa skal også omtalast i planstrategien.

Forvaltningsplan for kommunale bygg skal vera levert av administrasjonen innan utgangen av 2024 og rullerast kvart år, nett slik det står skrive i gjeldande planstrategi. Planen må innehalde ei fullstendig liste av bygg med gards- og bruksnummer, adresse, foto og skildring av føremål og bruk, i tillegg til ei tilstandsskildring og liste over prioriterte tiltak.

Forvaltningsplan for kommunale vegar skal vera levert av administrasjonen innan utgangen av 2024 og rullerast kvart år, nett slik det står skrive i gjeldande planstrategi. Planen må innehalde ei fullstendig liste over vegar der kvar enkelt er merka av på eit kart, i tillegg til ei tilstandsskildring og liste over prioriterte tiltak.

5. Investeringar

Administrasjonen i Osterøy kommune skal finna døme frå andre kommunar der skular med kapasitet til 250 til 350 elevar er bygd i Offentleg / Privat Samarbeid (OPS) dei siste 10 åra. Opplysingar om kostnader, vilkår, leigetid, vedlikehald osb. skal inngå i dokumenta og danna grunnlag for vurdering av bygging av ny ungdomsskule på eksisterande tomt på Hatland.

Administrasjonen i Osterøy kommune skal også finna døme frå andre kommunar der symjehall (med eller utan tilknytt idrettshall) er bygd i Offentleg / Privat Samarbeid (OPS) dei siste 10 åra. Opplysingar om kostnader, vilkår, leigetid, vedlikehald osb. skal inngå i dokumenta og danna grunnlag for vurdering av bygging av ny symjehall att med Osterøyhallen, og vedlikehald og opprusting av sjølve hallen.

6. Kommunikasjon

Ordførar skal vera flinkare å kommunisera med resten av heradsstyret også utafor ordinære møte, og slik kommunikasjon skal føregå via epost. Svar på spørsmål til ordførar frå representantar må ikkje venta til offentlege møte men kan svarast direkte med resten av representantane på kopi.

Ordførar skal dela innkallingar til møte i Interkommunale Selskap og Samarbeid (IKS) som til dømes Regionrådet Nordhordaland og BIR, før møta finn stad, slik at resten av heradsstyret kan uttala seg om innhaldet på saklista.

Ordførar skal også i større grad gjera det synleg og mogleg for innbyggjarar å snakka direkte til heradsstyret før møte byrjar.

Til slutt skal ordførar i større grad senda heradsstyret skriftleg status på pågåande saker eller saker med særskild interesse.

Me hadde sterk tru på å få moglege samarbeidsparti med på iallfall nokre av desse krava, men me vart skuffa enda ein gong når det vart Senterpartiet sin tur å presentera sine saker.

Dei var:

  • Nei til kommunesamanslåing
  • Ja til vern av matjord
  • Ja til utvikling i alle bygder

Ja, dette var omfanget av deira politiske ambisjonar for Osterøy kommune: Ambisjonane til partiet som alt har hatt ordføraren i 4 år og no skal leia kommunen i 4 år til. Er det akseptabelt? Visste veljarane dette? Er det feil av oss som lokalpolitikarar å forventa same innsats og engasjement frå andre parti som me forventar frå oss sjølve?

Mykje derfor er både heradsstyregruppa og lokallagsstyret tilfreds med at resultatet av forhandlingane vart fire år i opposisjon. No vil me iallfall få høve til å skilja oss politisk frå dei andre partia og jobba med eigne prioriteringar, hjartesaker og visjonar for kommunen si framtid.