Konstituerande møte

Referat frå konstituerande møte i Osterøy heradsstyre

Samansett bilete av Sebastian, Johannes, Roald og Aksel på talarstolen i konstituerande heradsstyremøte 19. oktober.

Torsdag 19. oktober var nytt heradsstyre i Osterøy kommune konstituert. Dette var første møte der Sebastian, Johannes og Roald møtte som faste medlemmer av heradsstyret, medan dette blir den andre perioden for Aksel.

I dette møte blei medlemmar til formannskapet og andre utval valt. Her hadde me i høgre eit valteknisk samarbeid med Venstre. Desse tillitsverva var tildelt Høgre sine representantar:

  • Formannskapet: Sebastian Haugland fekk fast plass.
  • Plan- og kommunalteknisk utval: Johannes Borge fekk fast plass, og første vara er Aksel Mjøs.
  • Levekårsutvalet: (Eit nytt utval knytt til helse og oppvekst): Her fekk Venstre den faste plassen, men Roald Martinsen er første vararepresentant på vår fellesliste. 
  • Kontrollutvalet: Harald Brekkhus var vald som leiar.

Allereie i det første møtet var alle Høgre sine fire representantar fleire gonger oppe på talarstolen. No gler me oss til ein kjekk politisk haust, der det aller viktigaste blir å vedta budsjettet for 2024.