Konstituerande møte
Referat frå konstituerande møte i Osterøy heradsstyre
Torsdag 19. oktober var nytt heradsstyre i Osterøy kommune konstituert. Dette var første møte der Sebastian, Johannes og Roald møtte som faste medlemmer av heradsstyret, medan dette blir den andre perioden for Aksel.
I dette møte blei medlemmar til formannskapet og andre utval valt. Her hadde me i høgre eit valteknisk samarbeid med Venstre. Desse tillitsverva var tildelt Høgre sine representantar:
- Formannskapet: Sebastian Haugland fekk fast plass.
- Plan- og kommunalteknisk utval: Johannes Borge fekk fast plass, og første vara er Aksel Mjøs.
- Levekårsutvalet: (Eit nytt utval knytt til helse og oppvekst): Her fekk Venstre den faste plassen, men Roald Martinsen er første vararepresentant på vår fellesliste.
- Kontrollutvalet: Harald Brekkhus var vald som leiar.
Allereie i det første møtet var alle Høgre sine fire representantar fleire gonger oppe på talarstolen. No gler me oss til ein kjekk politisk haust, der det aller viktigaste blir å vedta budsjettet for 2024.