Kva er no so gale med bompengar?

Bompengar og klima er nøkkelord som dominerar den politiske debatten for tida, og desse tinga heng tett saman, sjølv om det ikkje alltid verkar slik.

For det første, om ein droppar bompengar kan det ha tre konsekvensar. Enten må me byggja mindre vegar, kutta i andre offentlege tiltak (som allereie har vorte vedtekne), eller så må alle i heile Noreg betala gjennom skattesetelen. Det siste er slett ikkje meir rettferdig enn bompengar sidan då må alle betala, enten dei nyttar bil eller ikkje, og enten dei bur her eller i Finnmark.

For det andre, bompengar og klima heng saman sidan når det vert dyrare å køyra så må vi som køyrer ta meir omsyn til kva belastning utsleppa frå bilane har på klimaet. I tillegg så flyttar det trafikk frå vegar og over til kollektivtransport, i allefall i byane. Redusert biltrafikk gjev oss dessutan både betre plass på vegane når vi verkeleg treng dei, samt verkar til å redusera behovet for veginvesteringar.

Bompengeordninga rammar likevel svært skeivt innan transportnæringa. Her er det stor konkurranse og små marginar. Den har ikkje andre alternativ enn å bruka eigne lastebilar og må passera bomstasjonane til langt høgare pris enn ordinære pendlarar. Der bompengane gjer at marginane vert for små, kan og vil ikkje Osterøy-bedriftene lengre ta del i anbod. Dette både stoggar mogleg vekst i vår kommune, hindrar oppretting av nye arbeidsplassar, og vert konkurranse-hindrande i marknaden på «feil» side av bompengeringen. For transportnæringa – som naturleg nok ikkje kan ta i bruk kollektivtransport – trengs det å finnast tak på kor mykje kvart kjøretøy skal bidra med til spleiselaget.

Vi andre som kan tilpassa oss bør både gje nyttetrafikken meir plass og ha respekt for klimakrisa med å reisa kollektivt når vi kan.