Kvifor kommunesamanslåing?

Kvifor meiner Høgre at Osterøy må verta del av Bergen kommune?Eg og andre i Høgre har vore skulda for å «vera feige» eller «velja enkle løysingar» når vi meiner at kommunesamanslåing er einaste løysinga for Osterøy kommune. Eg ynskjer her å møta denne kritikken.

Det er ingenting nytt at økonomien i kommunen er dårleg. Slik har det vore veldig lengje. Står det dårleg til økonomisk må ein ta grep: Auka inntektene og/eller redusere utgiftene.

La oss fyrst sjå på kva moglegheiter Osterøy kommune har til å auke inntektene.

(Tala er henta frå «Inntektssystemet for kommuner og fylkeskommuner» som viser snittet i kommune-Noreg, eg klarte ikkje å finna nøyaktige tal for vår kommune.)

Det vi innbyggjarane betalar i skatt utgjer 40% kommunen sine inntekter. I budsjettbrev frå Fylkesmannen i Vestland frå 14. april i år står det at «kommunen sitt skattenivå i 2018 var 78,1 prosent av landsgjennomsnittet» som er det lågaste i heile Hordaland. Inntektssystemet er til for å jamna ut (mellom anna) slike forskjellar og dette «Innbyggjar-tilskotet» er i snitt 32,3% av inntektene.

Øyremerka tilskot (5%) skal gå til spesifikke prosjekt eller oppgåver, og kan ikkje brukast til vanleg drift. Det same gjeld eigenbetaling (14%) som ofte er kalla «sjølvkost». Slike inntekter skal over tid gå i null opp mot utgiftene. Vatn- og avløpsgebyr er døme på slik eigenbetaling, det er også SFO, kulturskulen og barnehage-betaling.

Siste inntektstype er «anna» som utgjer i snitt 7% og det er her ein finn til dømes eigedomsskatt, konsesjonskraftmidlar, heimfalls-inntekter og utbetalingar frå Havbruksfondet.

Det er lite politikarane på øya kan gjere på kort sikt for å auke skatteinngangen og folk sine inntekter. På lang sikt kan vi leggje til rette for etablering eller utviding av arbeidsplassar med industriområde og tilhøyrande infrastruktur, og vonande tilflytting av nye innbyggjarar og auke i skatteinntekter. Det tek mange år og krev også større investeringar. Investeringsfondet som var oppretta i vår sette av ti millionar av utbetalinga frå Havbruksfondet og har som mål å gjere nett dette. Det spørst om det fondet likevel må leggjast ned i neste budsjettrunde og midlane brukast på drifta.

Innbyggjar-tilskotet er fastsett av regjeringa og kan marginalt påverkast lokalt. Øyremerka tilskot er kommunen dyktig å søkje på men desse er bundne til oppgåva dei er søkt til, dei varierer over tid eller er avslutta, og kan ikkje sjåast på som faste inntekter. Eigenbetalinga er også bunden til oppgåvene den gjeld, og einaste kategorien som gjenstår er difor «anna».

Som alle veit har kommunen ikkje lengre tilgang til konsesjonskraftmidlar eller heimfalls-inntekter. Utbetalingar frå Havbruksfondet er ei ny inntekt men den er ujamn: Den er avhengig av kor mange konsesjonar til havbruk er utlyst kvart år, og kva oppdrettsnæringa er viljug til å betala for dei. Det blir omlag som å vinna nest høgaste premie i Lotto annakvart år, og er usikre inntekter. Politisk kan ein heller ikkje påverka storleiken til utbetalingane.

Då sit vi att med eigedomsskatten. Den var innført på Osterøy i 2007 for å betala ned underskot frå tidlegare år, og for å få kommunen av ROBEK-lista. Kommunen kom seg ut av lista i 2015 men skatten er der enno.

Den var sett opp frå 3,15‰ til 4,15‰ i 2019, hentar inn vel 31 millionar til kommunekassa, og mange har merka at den har byrja å svi i år. I 2020 vil kommunen måtte bruka 70% av verditaksten i staden for 80% tidlegare grunna lovendringar innført i samband med forhandlingane om statsbudsjettet i fjor. For at kommunen skal ha same inntekt frå eigedomsskatten neste år som i år, vil den måtte aukast til minst 4,75‰. Om den er auka til maks-satsen 5‰ vil Osterøy kommune henta inn vel 1,8 millionar ekstra i eigedomsskatt. Neste lovendring trår i kraft 2021 då høgaste promille-sats vert senka til 4‰ og då kan ikkje kommunen lengre auka desse inntektene men må i staden kutta (minst) 3,6 millionar i budsjettet. (Ny taksering tok effekt i 2018 og neste kan ikkje gjennomførast før i 2027.)

Oppsummert er kommunen sitt høve til å henta inn nye inntekter slik:

  • Eigedomsskatten har nåd toppen i 2019 eller vil nå ein topp i 2020,
  • Inntekter frå nye innbyggjarar og bedrifter vil ta lang tid før dei går opp, og
  • Havbruksfondet er usikre og varierande inntekter.

Det vil seie, det er få moglegheiter utanom eigedomsskatten å henta inn nye inntekter på kort sikt, medan målretta arbeid og investeringar må til for å auke allmenn skatteinngang på lang sikt.

Det neste er å undersøkje korleis utgiftene kan reduserast.

Statistisk Sentralbyrå sine faktasider om Osterøy finn vi at 13% av utgiftene går til barnehagane og 20% går til skulane. Etter at berre fire skular gjenstår etter nedleggingane 2013-15, og med barnehagane skore til beinet er det ingen innsparing å henta her. Moglege innsparingar knytt til skulane kan vera utbetring av trafikkfarlege vegar med gang- og sykkelveg slik at kommunen kan redusere utgifter til skuleskyss, men det er veldig langsiktig arbeid.

Anna langsiktig arbeid er å få endra reglane som gjev barn som går på privatskule gratis skuleskyss når det tyder at dei har krav på drosje tvers over heile øya. Har foreldra valt bort nærskulen til fordel for ein privatskule meiner eg det er feil at fellesskapet skal kosta reisa til og frå skulen kvar dag.

Om Osterøy skal vera attraktiv tilflyttingsstad for nyetablerarar eller småbarnsforeldre må det finnast tilstrekkeleg med barnehageplassar, difor er det planar i arbeid med å skifta ut dagens barnehage på Valestrand med ein ny og større. Barnehagen i Mjøsdalen treng også sårt eit løft. Slik utbygging skjer med lånte pengar (investeringar) men avdrag av lån må betalast av driftsbudsjettet.

Valestrand skule veit vi er i dårleg stand og den ynskja stoda ville vera å kunna byggja ny i staden for å lappa på den eksisterande.

To prosent av kommunen sine driftsutgifter går til vatn, avløp, renovasjon og avfall for kommunale eigedommar og bygg. To prosent går til kultur, tre prosent til barnevern, og vidare tre prosent til sosialsektoren samla (NAV osb.)

Administrasjon utgjer 12% av totalbudsjettet og inni dette talet er alt mogleg frå byggjesak til arkiv, til politisk sekretariat og plansaker, og rådmann, stab, kundemottak på rådhuset, og mykje anna.

Den største delen går til helse og omsorg som er 34% av driftsbudsjettet. Tidlegare år har det alt for ofte vore store overskridingar i denne sektoren utan at ein alltid hadde svar på kvifor det skjedde. Difor har det dei siste åra vore gjort eit veldig stort arbeid med kartlegging for effektivisering av sektoren. Ny strategi for helse og omsorg var vedteken samrøystes av heradsstyret i 2018 der måla med effektiviseringa er skildra og korleis heile sektoren skal fungere dei neste 20 åra for å vera meir kostnadseffektiv, men samtidig ha høve til å tilpassa seg endringar i innbyggjarane sine behov, folkehelsa allment og i demografien. Dette er mellom anna kjent som «Omsorg+».

Dette arbeidet resulterte i ein rapport med tre ulike modellar for korleis helse og omsorg kan organiserast for å nå måla i strategi-dokumentet. Den fyrste var å halde fram som no men eigentleg berre til samanlikning for dei andre to. Neste var å satsa på omsorgsbustader med heildøgns bemanning som vil spara kommunen 9,7 millionar per år i driftsutgifter, og den siste hadde meir spesialiserte tenester men ville spara kommunen for 17 millionar i året. Føresetnaden var at alle desse tenestene måtte samlast rundt Osterøytunet slik at ein kan ha organisasjon, tilsette og vakter ein stad, som er der den største innsparinga er å finna. Det var difor merkeleg at fleirtalet i heradsstyret valde å bryta med eigen strategi frå året før og be om at tenestene vert spreidd mellom Hauge og Lonevåg. Slik inkonsekvent åtferd og mangel på politisk disiplin er noko av det som bidrar til at utviklinga skjer seint i kommunen, og at det endar opp med å kosta meir grunna unødvendige «strafferunder» i administrasjonen, som leiaren for Eldrerådet kalla det.

Ei ny stor utgift som kjem i 2020 er knytt til særskilt ressurskrevjande einskildbrukarar av helse- og omsorgstenester. Grunna eksisterande reglar vil denne gruppa kosta kommunen 15 millionar ekstra neste år, og sjølv om Osterøy Høgre har varsla stortingsrepresentantar om problemstillinga, vil ho neppe verta retta på kort sikt.

Heimetenesta er alt omorganisert og det er ingen innsparingar å henta der før eventuelt Omsorg+ er bygd ut.

Det er veldig, veldig få utgifter til tenester som ikkje er pålagt kommunen å uføra. Det er desse som har vorte kutta fyrst dei siste åra, men det er også slike tenester som kan utgjera skilnaden på eit leveleg liv for mange. Eit døme er dag-tilbodet for demente i Haldorvika. Dette har heldigvis ikkje måtte ofrast men har fleire gonger vore på lista over føreslåtte kutt dei siste åra.

Oppsummert har vi knapt nok til dagens drift, effektivisering som reduserer driftsutgiftene tek lang tid å få gjennomført og innført, og kostar analysearbeid og investeringar. Det er ingen enkle eller raske løysingar å finna.

Klarar vi å halde fram som eigen kommune?

Når ein og tjue representantar i heradsstyret røysta imot kommunereforma 22. juni 2016 var det med utsegn som at «vi er store nok til å vera eigen kommune», «dette skal gå bra», og «dette klarar vi». Det er no tre år sidan og om noko har økonomien vorte dårlegare i kommunen, utan at nemnt fleirtal har lagt fram noko forslag til korleis stoda skal betrast. Alle er like overraska kvar haust over at det ikkje finst pengar til ordinære tenester. Samtidig vert lista med moglege nedskjeringar føreslått av administrasjonen kortare og kortare, som tyder at det er ikkje stort å henta lengre.

Rådmannen sin konklusjon frå 2016 er ikkje til å misforstå:

Rådmannen vil påpeika at det er både positive og negative konsekvensar ved begge alternativa. Å sei nei til ei samanslåing vil spesielt verka negativt for den økonomiske situasjonen framover for kommunen. Dette vil gje seg utslag i mindre kapasitet og ressursar til å levera tenester til innbyggjarane. Samstundes sikrar det eit ope og engasjerande lokaldemokrati og nærleik til tenestene.

Ein ny stor kommune vil ha ein større og meir robust økonomi. Ein større organisasjon vil har meir kapasitet, breiare kompetanse og vil vera mindre sårbar innanfor dei enkelte tenesteområda. Det vil vera meir ressursar som kan sikre og gjennomføre større utviklingsprosjekt. Det vil vera eit lokaldemokrati som gjer større avstand til politikarane, men det vil vera rom for ei auka profesjonallisering innan det politiske miljøet.

Mindre ressursar og overføringar til kommunen frå staten gjer at tenestetilbodet vil måtte reduserast. Dette gjer òg eit mindre handlingsrom til å drive samfunnsutvikling og løyse lokale utfordringar.

Kommunen har eit særskild ansvar for å levera forsvarlege tenester til innbyggjarane. Ut frå framtidige prognosar for den økonomiske situasjonen i kommunen vil det måtte gjennomførast strenge prioriteringar framover. På den bakgrunn meiner rådmannen at ein bør gå inn for ei kommunesamanslåing slik det er skissert i intensjonsavtalen.

Dette vil sikre ein betre økonomisk situasjon som gjer at kommunen vil vera betre i stand til å ivareta innbyggjarane på ein forsvarleg måte.

Når dagens ordførar seier at «det å gå inn i Bergen ikkje er løysinga» spør eg: Kva er då løysinga? Å verta grøn føregangskommune der han prioriterer å gjere kommunen vår blant dei fremste og beste til å gjera samfunnet vårt berekraftig er for meg som å seie at ein vil prioritere å verta eit betre menneskje samtidig som ein ikkje har nok til å brødfø familien. Situasjonen er kritisk og vi treng å høyra korleis den skal løysast på anna måte enn med kommunesamanslåing.

Også Frp meiner at «vi kan klare oss selv». Det skriv dei i lesarinnlegg 25. august, men einaste løysinga dei har er å «fremstå som en attraktiv kommune å etablere seg i uten eiendomsskatt». Som nemnt over er dette er ei langsiktig løysing som vil ta mange år å verta realisert og gjer ingenting for å bøta på stoda slik ho er i dag. Det vill faktisk gjere ho langt verre fordi det vil umiddelbart fjerna 31 millionar frå inntektsrekneskapen og føra til enno ukjente nedskjæringar. Utsegna «ønsker man virkelig å gi fra seg Osterøy identiteten» er ei farleg avsporing frå debatten om den alvorlege situasjonen og ein simpel appell til folk sine kjensler: Di identitet vil på ingen måte verta påverka av om administrasjonen sit på Hatland eller ved Kaigaten i bydn. Ostring er du i hjarta og det kan ingen ta ifrå deg.

Vi i Osterøy Høgre har gått grundig igjennom alternativa og vi ser ingen måte vi kan halde fram som eigen kommune. Det var inga enkel avgjerd og har skapt stor debatt i lokallaget men vi er samde om konklusjonen.