Politisk Platform
Politisk plattform for styringssamarbeidet mellom Senterpartiet, Høgre, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Osterøy kommune for perioden 2019-2023.
Samarbeidspartia vil vidareutvikla Osterøy til ein god stad å leva og veksa på for folk og verksemder. Me tek utgangspunkt i Osterøy som eigen kommune. Dersom dei økonomiske føresetnadane gjer det uråd å levera dei gode tenestene som innbyggjarane skal ha, må me sjå på moglegheiter med samanslåing. Det skal haldast folkerøysting om endring av kommunestruktur, om dette vert tema.
Samarbeidspartia vil føra ein økonomisk ansvarleg politikk som ikkje set kommunen sin handlefridom i fare.
Det er mange område me ynskjer å prioritere og dei viktigaste er:
Barn og unge
Samarbeidspartia skal prioritera oppvekstsektoren og tidleg innsats. Samarbeidspartia vil dei neste fire åra arbeida for å auka bemanninga i barnehagane, sikra at barnetrygd ikkje er del av inntektsgrunnlaget ved utrekning av sosialstønad, og få på plass ein ungdomskoordinator for å bidra til eit betre tilbod til ungdommen på Osterøy. Me skal styrkja ungdomsrådet slik at det vert ein meiningsfylt part i kommunale prosessar. .
Dagens skulestruktur ligg fast og me vil utgreia modellar for å tilby skulemat.
Bustad
Legga til rette for utbygging som gjev livskraftige bygder i heile kommunen, men for større bustadfelt må ein ha fokus på kva infrastruktur som allereie er tilgjengeleg, kva kostnadar det er knytt til etableringa for kommunen, opp mot samfunnsnytten.
Næring
Samarbeidspartia vil sikra at det vert sett av tilstrekkeleg og faktisk tilgjengeleg næringsareal i kommunen, leggja til rette for fleire samarbeidsprosjekt og nyetableringar, og stimulera til vidare vekst i eksisterande verksemder for å skape fleire arbeidsplassar på både kort og lang sikt. Vidare, at næringslivet vert møtt med ein positiv, open, hjelpsam og velviljug haldning frå kommunen, og at alt vert gjort for at sakshandsamingstida kan kortast kraftig ned. Osterøy skal vera ein attraktiv kommune å driva næring i.
Frivillig sektor
Samarbeidspartia er einige om at det skal etablerast ein frivilligsentral. Samarbeidspartia ønskjer å nytta kommunale ressursar til å tilretteleggja, vegleia og stimulera den frivillige aktiviteten. Me skal oppretta eit frivilligfond.
Klima og bærekraft
Osterøy skal vera ein føregangskommune i overgangen til eit meir bærekraftig samfunn. Samarbeidspartia vil mellom anna rullera Kommuneplan for Energi og Klima for å få ein oppdatert plan for å nå klimamåla.
Samarbeidspartia legg bevaring av matjord til grunn for alt planarbeid og samfunnsutvikling.
Helse og omsorg
Samarbeidspartia skal sikra at utbygging av Omsorg+ bustadar vert sett i gong snarast.
Det skal sikrast kvalitet og innhald i alle kommunale tenester med brukar som sentrum.
Tidleg innsats og førebygging skal prioriterast overfor utsette grupper.
Arbeidsgjevarpolitikk
Osterøy kommune skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar og tilbod om faste og heile stillingar skal alltid vera hovudregelen for tilsette i Osterøy kommune.
Osterøy kommune skal ha innkjøpsprosedyrar som førebyggjer sosial dumping og set krav til lærlingar i bedriftene. Me vil jobba for fleire lærlingplassar både i kommunen og i private verksemder.
Idrett, kultur og fritid
Hallkapasiteten på Osterøy skal utvidast og me skal også jobba for fleire tilbod til barn og unge utanfor idretten.
Me skal støtta opp under det gode kulturlivet på Osterøy.
Samferdsle
Samarbeidspartia har mål om å få revidert og oppdatert bussrutene med tenlege, pålitelege og hyppige avgangar slik at pendlarane kan velja bort personbilen.
Me vil satsa på pendlarparkering og ladestasjonar i kombinasjon med direkte pendlarruter, via både Arna og Breistein. Me ynskjer å legge til rette for framleis drift og vidareutvikling av ferjesambandet Valestrand – Breistein.
Vi vil også jobba med trafikktryggleiken i kommunen med lokalt tilpassa løysingar for å få meir nytte av investeringane, der skulevegar er særskilt prioriterte.