Godt val!
På seks veker banka vi på 882 dørar og hadde åtte stands. Takk til alle som tok godt imot oss!
Valkampen er over for denne gong. Den byrja med stand på Osterøymarknaden i juni og var avslutta med husbesøk i Klubbelia dagen før kommunevalet. Takk til alle gode Høgre-folk som stilte opp!
Vi oppdaga tidleg at tradisjonelle stands ikkje gav oss godt nok høve til å få snakka med veljarane. Når folk ser stands utafor butikken på Haus, Valestrand, Bruvik, i Lonevåg eller Fotland er dei i anna ærend enn å snakka med politikarar og dei aller fleste skundar seg inn for å sleppa å verta fanga i ein samtale.
Det sat litt inne å gå den fyrste runda med husbesøk, men du verden kor hyggelige folk på Osterøy er! Vi har notert lange lister med område folk er opptekne av og mange gode forslag til kva kan gjerast annleis eller politikarane bør prioritere.
Vi har besøkt store delar av Valestrand og Loftås, Haus og Lekneset, Lonevåg og Rymleheia, Hauge, Mjøsdalen, Hanstveit og Berneset, og skulle gjerne ha møtt opp i fleire bygder men vi var for få og det var ikkje nok dagar. Vi har gått når det bøtta ned, og når sola skein, og når det blåste og var kaldt. Dei aller, aller fleste har opna døra med eit smil og slått av ein prat.
Vi takkar alle dei hjarteleg att ein gong som gav seg tid til å snakka med oss!
Godt val!