Vi trur på Øygarden

Kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Her har du gode grunnar til kvifor du bør røyste Høgre til hausten!

Dette skal øygarden Høgre jobbe for dei neste åra:

  • At dei daglege tenestene skal vera nær der folk bur, og at flest mogleg skal få hjelp og rådgjeving gjennom dei lokale tenestene på Straume, Skogsskiftet og Rong.
  • Sikre utvikling av eksisterende og etablering av nye arbeidsplasser gjennom en aktiv næringspolitikk.
  • Satse meir på tidleg innsats frå 1. til 4. klasse, og prioritere at alle elevar skal læra seg å lese, skrive og rekne.
  • Syte for gode matopplevingar for dei som får servert eller levert mat gjennom kommunale tenester.
  • Stimulere til utbygging av seniorbustader.
  • Legge til rette for allmenn tilgang for småbåt- og gjestehamn, og plassar for sjøsetting og båtopptrekk for småbåtar.
  • Legge til rette for turvegar i lokalområdet som helseførebyggjande tiltak, og knyte saman eksisterande turvegar der det er naturleg.
  • Arbeide for at hamna på ågotnes vert utvikla til eit maritimt logistikknutepunkt.
  • Legge til rette for etablering av mottaksanlegg for CO2 i Naturgassparken.
  • Stimulere til auka og ny næringsverksemd knytt til havet.
  • øygarden kommune skal være en JA-kommune – dette vil sikre vekst og utvikling i hele den nye kommunen.

Vi trur på Norge

Høgre vil ha ja-kommunar som bidreg til grønn utvikling, optimisme og lokale arbeidsplassar. Vi vil ha ein skule med kunnskap, der elevane meistrar kvardagen. Vi må hjelpe dei elevane som heng etter, satse på lærarane og sørgje for at barna har det triveleg. Alle barn skal ha like moglegheiter, uansett bakgrunn.

Vi vil ha ein eldreomsorg med meir aktivitet, der færre er einsame og fleire kan bu heime så lenge dei ønskjer. Vi er mest opptekne av god kvalitet og at du får velje sjølv. Andre er mest opptekne av kven som skal gjere jobben.

Høgre ser etter løysingar, der andre ser problem. Vi trur på Norge. Stem Høgre!

Vi håper du vil røyste Høgre når valdagen kjem, 9. september! Har du spørsmål om Høgre og vår politikk? Då er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss, dil dømes via Facebook.

Godt val!

Les også: