Våre ambisjoner de neste fire årene

Luftfoto av oppdrettsanlegg i Øygarden

1. Ein skule der alle kan lykkast

I Vestland skal alle elevar ha like moglegheiter til å lære og utvikle seg uavhengig av bustad eller sosial bakgrunn. Vårt mål er difor at vestlandsskulen skal vere den beste skulen i Norge. Skulen sitt primæroppdrag er å bidra til læring, og dette må difor prioriterast høgast. Vi vil for eksempel innføre fritt skuleval, tilby 2-årig vidaregåande, ha meir leksehjelp og la elevane ta fag på høgare nivå om dei vil. Vi vil og styrke tilbodet «fagbrev på jobb».

2. Samferdsle bind Vestland saman

God infrastruktur knyter regionen saman, gjer det mogleg å skape gode bu- og arbeidsmarknader og sikrar trygg ferdsle når vi reiser frå A til B. Gode vegar er derfor viktig distriktspolitikk, fordi det gjer det mogleg å bu utanfor byane. Vi ser likevel at Vestlandet stadig blir nedprioritert, der store og viktige veiprosjekt som K5 og Hordfast risikerer å bli nedskalert eller avlyst. Vestland Høgre vil vera den største pådrivaren for å sikre finansiering til desse prosjekta, og å sikre meir statlege midlar til rassikring og vegvedlikehald.

3. Høgre vil kutte utsleppa, ikkje utviklinga

Verda må redusere klimagassutsleppa sine. Det betyr at alle må ta ansvar, også Vestland fylkeskommune. I tida framover må vi difor prioritere løysingar der vi reduserer utslepp og tar berekraftige val for miljøet. Samtidig er det viktig for Høgre å kunne ha to tankar i hovudet samtidig. Vi skal kutte utslepp, ikkje stoppe utviklinga. Det må bli enklare å velja grønt både for enkeltpersonar, men og for næringslivet.

4. Vi vil satse på bedriftene våre

Høgre vil spele på lag med næringslivet ved å legge til rette for vekst og utvikling. Vi må sikre at bedriftene får den arbeidskrafta dei treng ved å sikre ein god vidaregåande skule med høg fullføringsgrad og å styrke yrkesfag og fagskulen. Vi vil seie nei til skatteauker, reguleringar og annan politikk som gjer det vanskeligare for bedrifter å etablere seg og drive i Vestland.

5. Vi skal bygge meir kraft

Høgre vil arbeide for at Vestland skal ha rikeleg og rimeleg fornybar energi. Høgre meiner at Vestland kan, og må ta ei større rolle i å framskaffa meir miljøvennleg kraft og ta denne i bruk til elektrifisering, omstilling og grønt skifte.

Høgre vil og ha ei berekraftig olje- og gassnæring, som sikrar verdiskaping og eit solid økonomisk og teknologisk grunnlag for omstilling.

6. Vi vil sikre gode kulturtilbod i heile fylket

For å sikre utvikling i kulturtilboda i Vestland treng vi eit godt samarbeid mellom dei profesjonelle, frie og frivillige organisasjonar.

Kulturinstitusjonar i Vestland og Bergen er i dag skeivfordelt når det kjem til tildeling av statlege midlar. Vestland Høgre vil arbeide for ein styrka statleg finansiering av kulturinstitusjonar i fylket og rette opp dagens skeivfordeling.

7. Høgre har løysingar for betre kollektivtilbod

For å lukkast med det grøne skiftet må vi få fleire over på kollektivløysingar. Vi ønskjer at det så langt det er mogleg skal stillast krav til nuttutslepp i framtidige kollektivanbod.  I tillegg må vi sikre meir fleksible løysingar enn det vi har i dag. Vi må sjå på heile prissystemet på nytt og gjere tiltak som gjer det meir attraktivt å velge buss, båt eller bane. Skal vi få til det treng vi òg fleire buss- og banesjåførar.

8. Vestland som vekstregionen i Norge

Vestland har eit sterkt næringsliv, med stort potensiale for vekst. Høgre vil at Vestland sitt næringsarbeid skal ha eit Ja-engasjement. Ja, til nye prosjekt og idear, jobbskaping, gründerverksemd, nyskaping og sterke lokalsamfunn i heile Vestland.

Høgre vil jobbe for at Vestland vert det fremste vekst- og verdiskapingsfylket i landet. Vi vil gjennom auka samarbeid og innovasjon bygge Vestland til ein bu- og arbeidsregion som beheld og tiltrekk seg kompetanse.