Politikk

Kvinnherad er ein langstrakt kommune, og Høgre vil oppretthalda eit godt tenestetilbod i dei ulike delane av kommunen. For Høgre er det viktig at innbyggarane får tilgong til flest mogleg tenester utan å reisa ut av kommunen. Høgre vil difor utvikla Husnes som eit sterkt regionsenter.

Våre hjertesaker

Næringsliv

Næringsutvikling og nye arbeidsplassar er nøkkelen til positiv folketalsutvikling. Høgre vil difor prioritera næringsutvikling og tilrettelegging for næringslivet som ei av dei viktigaste sakene for kommunen.

Skule

Skulen si viktigaste oppgåve er å gje like moglegheiter for alle. Høgre meiner nærskulen har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet, og vil arbeida for ein skule der alle trives og får opplæring tilpassa den enkelte elev sitt behov. 

Barn og unge

Kvinnherad treng fleire barnefamiliar for framtidig vekst i kommunen. Høgre vil prioritera gode vilkår for barn og unge for å gjera Kvinnherad meir attraktiv for barnefamiliar. 

Helse og omsorg

Kvinnherad kommune har ei god eldreomsorg med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Høgre vil utvikla kvalitet og innhald i helse- og omsorgstenestene, med livskvalitet for den enkelte i sentrum. Høgre vil satsa på rekruttering av sjukepleiarar gjennom gode ordningar og tilbod om heiltidsstillingar.

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med. 

Kvinnherad er samansett av små og mellomstore lokalsamfunn der folk opplever det som trygt og triveleg å bu. Kvinnherad Høgre vil føra ein politikk som sikrar at det vert slik også i framtida. 

Den viktigaste oppgåva for Kvinnherad framover er å få til ei positiv folketalsutvikling. Høgre meiner Kvinnherad har alle føresetnadar for å lukkast med dette. Etter fleire år med nedgong i aktivitet og arbeidsplassar ser vi teikn på at dette har snudd. Dei kommande åra vil talet på arbeidsplassar i Kvinnherad auka, og optimismen er tilbake i næringslivet. Høgre vil nytta den kommande oppgongstida til å få enno meir fart på Kvinnherad. 

For at Kvinnherad skal vera ein god stad å bu, må det vera levande bygder i heile kommunen. Kvinnheringar vil gjerne busetta seg i bygda der ein har sine røter. Tilrettelagt byggeland, gode sentrumsområde, nærskular og tenester i bygdene er difor viktig for Høgre. 

Kvinnherad har store område som kan tilretteleggast for utbygging av bustadar, hytter og naust. Høgre vil gjennom fornying av kommunale planar få fortgong i utvikling og byggeaktivitet. Høgre vil i perioden modernisera arealplan og sentrumsplanar for å gjera disse til eit effektivt verkty for samfunnsutvikling. Eit fornya planverk vil også effektivisera byggesakshandsaminga. 

Lokale styresmakter må ha ei tydeleg ja-haldning og bidra til at innbyggarane får realisert sine planar. Statlege og regionale styresmakter sin motsegnsrett må avgrensast kraftig.

Kvinnherad er ein langstrekt kommune, og Høgre vil difor oppretthalda eit godt tenestetilbod i dei ulike delane av kommunen. For Høgre er det viktig at innbyggarane får tilbod om flest mogleg tenester utan å reisa ut av kommunen. Høgre vil difor prioritera å vidareutvikla Husnes som eit sterkt regionsenter, og sikra regionale funksjonar som til dømes vidaregåande skule, høgskuletilbod og tingrett. Høgre vil arbeida for at statlege arbeidsplassar som skal flyttast ut av Oslo vert etablert i Kvinnherad. Høgre vil i perioden halda fram arbeidet med fornying og oppgradering av Husnes sentrum. Høgre vil fullføra bygging av ny fleirbrukshall for å styrka Husnes som regionalt idrettsenter.

Rosendal har funksjon som administrasjonssenter, og er i positiv utvikling som følge av mellom anna auke i reiseliv. Høgre vil i perioden halda fram arbeidet med fornying og oppgradering av Rosendal sentrum og kaiområdet, og tilrettelegga for vidare auke innan reiseliv.  Uskedalen, Sæbøvik og Gjermundshamn må ha funksjon som lokalsenter. Høgre vil i perioden fornya og oppgadera sentrumsområda i disse bygdene gjennom ein eigen «sentrumspakke». Sentrumspakken vil bidra til estetisk løft og auka attraktivitet i lokalsentra.

Kvinnherad Høgre vil:

arbeida for vekst og utvikling i heile kommunen
sikra levande bygder
legga til rette for langt meir byggeaktivitet
fornya kommunale planar 
effektivisera byggesakshandsaminga
respektera og forsvara den private eigedomsretten 
sikra eit godt tenestetilbod i bygdene 
vidareutvikla regionsenteret Husnes med nye funksjonar og estetiske løft
vidareutvikla administrasjonssenteret Rosendal gjennom estetiske løft og betre tilrettelegging for turisme   
Utvikla Uskedalen, Sæbøvik og Gjermundshamn som gode lokalsenter gjennom «Sentrumspakken» 

 

Næringsutvikling og nye arbeidsplassar er nøkkelen til positiv folketalsutvikling. Høgre vil difor prioritera næringsutvikling og tilrettelegging for næringslivet som ei av dei viktigaste sakene for kommunen. Ordførar er tiltakssjef, men treng eit apparat som aktivt kan marknadsføra kommunen, søka etter bedrifter som kan etablera seg og driva service for næringslivet. Høgre vil i perioden etablera eit heilt nytt næringsapparat i Kvinnherad kommune. Høgre vil gjennom det nye næringsapparatet arbeida aktivt for at nasjonale og internasjonale selskap skal investera og satsa i Kvinnherad. Næringsarbeidet må leiast av ein næringssjef som i tillegg må sjå til at den kommunale organisasjonen er eit effektivt serviceorgan for næringslivet. 

Høgre vil stilla strengare krav til at Kvinnherad kommune gjennom framgongsmåte og kompetanse blir opplevd som den beste medspelar for alle gode intiativ.

Kommunen må som medlem av Kvinnherad Næringsservice bidra til utvikling av organisasjonen og tettare samarbeid mellom medlemsverksemdene. 

Effektiv sakshandsaming og kreative løysingar er viktig for næringslivet. Høgre vil så langt det er mogleg forenkla og fjerna krav til byggesak og reguleringsplanar for å spara næringsliv og enkeltpersonar for tid og kostnadar. Fornying av planarbeidet er eit viktig ledd av dette.  

Kommunen må alltid ha tilrettelagd næringsareal og tilby rimelegare areal enn omeignskommunane. Høgre vil arbeida for gode og føreseielege vilkår for kraftforedlande industri og marin næring. Høgre vil syta for at kommunale avgifter og nettleige må ligga under snittet for landet elles. Omsynet til lokale arbeidsplassar skal vega tungt i alle politiske saker

Kvinnherad Høgre vil: 
at næringsutvikling og nye arbeidsplassar skal bidra til folketalsauke 
oppretta eit heilt nytt næringsapparat 
arbeida aktivt for nye investeringar og etableringar 
skjerpa kommunen sin innsats for næringslivet 
forenkla krav til byggesak og regulering 
sikra tilgjengeleg og konkurransedyktig næringsareal
arbeida for gode og føreseielege vilkår for kraftforedlande industri og maritim næring
at kommunale avgifter og nettleige skal ligga under snittet for landet elles 
at kommunen i politiske saker må ta omsyn til lokale arbeidsplassar 

 

Skulen si viktigaste oppgåve er å gje like moglegheiter for alle. Høgre meiner nærskulen har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet, og vil arbeida for ein skule der alle trives og får opplæring tilpassa den enkelte elev sitt behov. 

Høgre vil prioritera kunnskap i skulen og kvalitet i undervisninga. Vidareutdanning og kompetanseheving for lærarane er eit viktig ledd i dette. Orden og god disiplin i klasseromma er avgjerande for eit godt læringsmiljø. Høgre vil gje lærarane gode verkemiddel for å skapa ro og orden i skulekvardagen. 

Høgre meiner den enkelte skal respekterast for sin identitet. Høgre har difor nulltoleranse for mobbing, og vil syta for at mobbesaker blir handtert på ein god måte. Ingen elevar skal gå ut av Kvinnheradskulen med ei oppleving av at mobbing ikkje vart handtert. 

Kvinnherad Høgre meiner kommunen må ha ambisjonar for elevane våre. Ein god skule er avgjerande for at kvar og ein kan realisera sine draumar. Høgre vil arbeida aktivt for at elevar i Kvinnherad skal nå over landssnittet for nasjonale prøvar. Høgre vil som ledd i dette tilby frivillig ekstraundervisning i basisfag som lesing, skriving og rekning. Tilbodet må etablerast med særskild kvalifiserte lærarkrefter. 

Ordninga med lærarstudentar frå USA har gjeve gode resultat i engelsk ved skulane ein har hatt denne ordninga. Høgre vil vidareføra og vurdera å utvida denne ordninga. 

Høgre meiner leksehjelp og SFO er viktige tilbod i skulen. Høgre vil syta for at SFO-tilbodet i Kvinnherad er desentralisert og fleksibelt for den einskilde familie. 

Høgre meiner eit sunt og næringsrikt skulemåltid vil bidra til betre folkehelse og betre læringsutbytte. Høgre vil difor i perioden innføra skulemåltid i grunnskulen. 

Høgre vil bidra til å sikra og vidareutvikla Kvinnherad vidaregåande skule (KVV). I første omgong må det i samband med utvidinga av Hydro Husnes etablerast kjemiprosessfag ved KVV. Høgre vil arbeida for at det på sikt vert etablert TAF-linje ved KVV, og at dagens linjetilbod vert vidareført.  

Kvinnherad Høgre vil: 
at Kvinnheradskulen skal gje like moglegheiter for alle
prioritera kunnskap og kvalitet i skulen
ta vare på nærskulane og prioritera vedlikehald av skulebygg
sikra ro og disiplin i skulen
at opplæringa skal vera tilpassa den enkelte elev sitt behov
satsa på vidareutdanning og kompetanseheving for lærarar
arbeida aktivt for at elevar i Kvinnherad skal nå over landssnittet i nasjonale prøvar 
at ingen elevar skal gå ut av Kvinnheradskulen med ei mobbesak som ikkje vart handtert
sikra eit desentralisert og fleksibelt SFO-tilbod
innføra skulemåltid i grunnskulen
arbeida for etablering av fleire linjefag ved Kvinnherad vidaregåande skule 

 

Kvinnherad treng fleire barnefamiliar for framtidig vekst i kommunen. Høgre vil prioritera gode vilkår for barn og unge for å gjera Kvinnherad meir attraktiv for barnefamiliar. Høgre meiner levande lokalsamfunn med rimelege bustadar og tomter, gode barnehagar, trygge skulevegar og eit godt og variert idretts- og fritidstilbod er det viktigaste kommunen kan bidra med for barnefamiliane. 

Høgre meiner det er positivt med både private og kommunale barnehagetilbod. Høgre vil prioritera innkjøp av betre utstyr til kommunale barnehagar, og sikra fleksibilitet i opningstider.

Høgre vil gjennom «Kvinnheradpakken» for vegar og trafikksikring bidra til eit løft for trygge skulevegar, og særleg prioritera veglys. 

Høgre vil sikra god kvalitet på familierelaterte tenester som PPT og barnevern. Høgre vil syta for gode tilbod til familiar i krisesituasjonar. 
For å legga til rette for familieetablering vil Høgre vurdera eigen kommunal eingongsstønad til nye foreldre.

Høgre vil arbeida for rusfrie soner for born og unge, og vidareføra eit godt innhald i Kvinnherad Ungdomssenter. Høgre vil støtta opp om ungdomstilbod i bygdene. 

Høgre vil ha eit variert idretts- og fritidstilbod der alle kan finna eit tilbod som passar den enkelte. Høgre vil difor i perioden fullføra bygging av fleirbrukshall på Husnes, og gjennom denne etablera nye tilbod. Høgre vil i perioden starta arbeidet med realisering av idrettshall i Rosendal, og stilla til rådvelde midlar til oppgradering og vedlikehald av idrettsanlegg i ulike bygder. Høgre vil i perioden vidareutvikla idrettsområdet ved Halsnøy skule.  
Fjellhaugen skisenter er eit verdifullt tilbod for innbyggarane. Høgre vil sikra framtidig drift av Fjellhaugen skisenter og bidra til ei vidareutvikling av anlegget.       

Kvinnherad Høgre vil: 
satsa særleg på gode vilkår for barnefamiliane
tilrettelegga fleire tomter og byggefelt
at barnehagetilbodet må vera av god kvalitet og i rimeleg avstand til arbeidsplass og/eller heim
vurdera kommunal eingongsstønad for nye foreldre, og sikra gode familierelaterte tenester
arbeida for rusfrie soner for barn og unge
gjera eit løft for trygge skulevegar gjennom «Kvinnheradpakken», og særleg prioritera veglys
at det skal vera eit variert idretts- og fritidstilbod der alle kan finna eit tilbod som passar 
satsa på ungdomssenter 
fullføra bygging av fleirbrukshall på Husnes
starta arbeidet med realisering av idrettshall i Rosendal
vidareutvikla idrettsområdet ved Halsnøy skule
sikra drift og vidareutvikling av Fjellhaugen skisenter 

Kvinnherad kommune har ei god eldreomsorg med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Høgre vil utvikla kvalitet og innhald i helse- og omsorgstenestene, med livskvalitet for den enkelte i sentrum. Høgre vil satsa på rekruttering av sjukepleiarar gjennom gode ordningar og tilbod om heiltidsstillingar. Høgre meiner sjukeheimane må ha tilsett aktivitør. Høgre verdsett samarbeidet med frivillige som skapar aktivitet og livsglede på institusjonane, og vil støtta opp om dette.  

Kvinnherad kommune skal til ei kvar tid ha tilgjengeleg sjukeheimsplass for dei som treng det. Det må sikrast gode tilbod som fysioterapi, tannhelse, fotterapi og møteplassar i tilknyting til sjukeheimane på Husnes og i Rosendal. 

God og næringsrik mat er av stor betydning for livskvaliteten. Høgre meiner difor matproduksjon til institusjonane skal føregå lokalt, og vil arbeida for gode kjøken ved sjukeheimane.  

For at flest mogleg eldre skal kunna bu i eigen heim så lenge som mogleg, er heimetenesta særleg viktig. Høgre vil vidareutvikla denne tenesta gjennom eit særskild løft med omsorgsteknologi. 

Høgre vil vidareføra Ølve alderspensjonat og Halsnøytunet med dagens drift, og samarbeida med private om tenleg bruk av Varaldsøy aldersheim.  

Høgre vil i perioden la private bygga omsorgsbustadar i tilknyting til institusjonane. Høgre stiller seg positiv til realisering av eit seniortun i Husnes sentrum, og vil i samarbeid med private bidra til å realisera dette. 

Høgre stiller seg positive til private intiativ i helse- og omsorgssektoren der dette kan gje eit betre tilbod for bebuarar og pasientar.  

Høgre verdsett mangfaldet mellom menneske, og vil sikra trygge og verdige tenester for menneske med psykisk eller fysisk utviklingshemming. Høgre vil i perioden satsa på og etablera fleire bufellesskap der den enkelte får trygge omgjevnader og god bistand. 

Høgre er uroa over auke i psykiske lidingar blant barn og unge. Høgre vil sikra eit godt apparat for å førebygga psykiske lidingar blant barn og unge, og sikra god oppfølging av unge med helseproblem. Høgre vil syta for eit tenleg helsesøstertilbod i skulen. 

Kvinnherad Høgre vil: 
at livskvalitet for den enkelte skal stå i sentrum for helse- og omsorgstilbodet 
satsa særleg på rekruttering av sjukepleiarar med gode ordningar og tilbod om heiltidsstilling
at kommunen til ei kvar tid skal ha tilgjengelege sjukeheimsplassar for dei som treng det
sikra tilleggstenester i tilknyting til sjukeheimane på Husnes og i Rosendal
at matproduksjon til institusjonane skal føregå lokalt, og arbeida for gode kjøken ved sjukeheimane
utvikla heimetenestene gjennom omsorgsteknologi
vidareføra dagens drift av Ølve alderspensjonat, Halsnøytunet og sikra tenleg bruk av Varalsøy aldersheim
i samarbeid med private bygga omsorgsbustader i tilknyting til sjukeheimane
i samarbeid med private realisera seniortun i Husnes sentrum 
prioritera førebygging av psykiske lidingar blant unge, og sikra eit godt helsesøstertilbod i skulen

 

For at Kvinnherad i framtida skal få til vekst og næringsutvikling, må den store satsinga på samferdsle halda fram med uforminska styrke. Vegnettet internt i kommunen vil i perioden få betydeleg oppgradering gjennom «Kvinnheradpakken», men Høgre vil alt i perioden starta planlegginga av «Kvinnheradpakken 2». Kvinnheradpakkane skal på sikt bidra til gul midtstripe gjennom heile kommunen, og innehalda naudsynte trafikksikringstiltak i bygdene. 

Kommunikasjonane inn og ut av kommunen er i dag ikkje tilfredsstillande. Kvinnherad må få ei effektiv tilknyting til E39 og vesentleg redusert reisetid til Bergen. Kommunikasjonane internt i Sunnhordland må betrast, og det må vera ei målsetting at størst mogleg del av trafikken Bergen-Odda skal gå over ferjesambandet Årsnes-Gjermundshamn. 

Kvinnherad Høgre går inn for at framtidig samband mot E39 og Stord skal vera ferjefritt med bru mot Huglo/Tysnes. Der ein må nytta ferje må denne segla kortast mogleg distanse. 
Høgre vil vurdera om Kvinnherad kommune skal bidra til vegutbetring i Bjørnafjorden og Kvam kommunar for å korta inn reisetida mot Bergen via Tysse. Med utbetra veg frå Årsnes til Folgefonntunnelen vil dette bidra til at strekninga vert den føretrekte Bergen-Odda. 
Høgre vil arbeida for betring av snøggbåttilbodet, og med mål om reduserte reisetider vurdera framtidig rutemønster for strekningane Sunde-Bergen og Rosendal--Bergen.

Kvinnherad Høgre vil: 
fullføra vegutbetring i Kvinnherad gjennom «Kvinnheradpakken»
starta arbeidet med planlegging av «Kvinnheradpakke 2»
bygga veg med gul midtstripe gjennom heile kommunen
arbeida for å realisera ferjefritt samband mot E39 og Stord 
at ferjestrekningane må vera kortast mogleg 
vurdera bidrag for å utbetra vegen mot Bergen via Tysse
vurdera framtidige snøggbåtruter med mål om redusert reisetid

 

Ein sunn og føreseieleg kommuneøkonomi er nøkkelen til eit godt og stabilt tenestetilbod til innbyggarane. Høgre vil vidareføra ei ansvarleg økonomistyring og kontinuerleg arbeida for at kommunale tenester vert drive så effektivt som mogleg. Høgre vil syta for ei langsiktig og trygg forvaltning av kommunen sine fondsmidlar. 

Å eiga eigen bustad er for mange eit viktig tryggleiksnett. Høgre vil syta for at samla kommunale kostnadar som avgifter og eigedomsskatt skal vera under snittet for landet elles. Høgre vil fjerna eigedomsskatten dersom dette ikkje går ut over tenestetilbodet. 

Høgre vil i perioden rydda i kommunal bygningsmasse, og avhenda bygg som ikkje er tenlege. Ei opprydding i eigedomsmassen kan gje rom for nybyggingsprogram og betre tilbod til innbyggarar som nyttar kommunale husvære. 

Kvinnherad Høgre vil: 
vidareføra ei ansvarleg økonomistyring
sikra god forvaltning av kommunen sine fondsmidlar
at kommunale skattar og avgifter skal vera under landssnittet
arbeida for å fjerna eigedomsskatten dersom økonomien tillet det
avhenda kommunale bygg som ikkje er tenlege, og erstatta med nybyggingsprogram

 

Eit levedyktig landbruk er svært viktig for Kvinnheradsamfunnet. Landbruket er viktig for å ta vare på kulturlandskapet, og skapar ei rekke fellesgode for innbyggarar og tilreisande. Høgre vil støtta opp om gardbrukarar som vil tenka nytt og skapa ny næring, og kommunen må difor vera fleksibel og imøtekommande i forvaltningssaker som vedkjem landbruket. 

Tilgong til landbruksareal er viktig for å sikra grunnlaget for landbruket i Kvinnherad. Høgre vil difor vidareføra ordninga med tilskot til nydyrking og grøfting. Nydyrkingsarealet skal til ei kvar tid vera større enn areal ein tek i bruk til andre føremål. 

Høgre vil medverka til at samfunnsnyttige vasskraftverk vert realisert, og arbeida for auka lokal råderett i konsesjonssaker. 

Den maritime næringa syt saman med landbruket for at Kvinnherad er ein betydeleg kommune innan matproduksjon. Høgre ynskjer ei sterk marin næring i Kvinnherad, og vil arbeida aktivt for nye etableringar og auka produksjon. Høgre meiner Kvinnherad er eigna for etablering av ei sterk marin klynge, og vil legga til rette for dette. Høgre meiner produksjonsauke til ei kvar tid må sjåast i samanheng med miljø, og støttar opp om innovasjon og utvikling i næringa. Det må ei kvar tid vera tilgjengeleg areal på land og sjø for matproduksjon i sjø.  Høgre meiner arealavgift for oppdrettsanlegg må tilfalla kommunen. Høgre vil saman med sjømatnæringa og Havforskningsinstituttet ta intiativ til å gjennomgå anleggstrukturen i kommunen. 

Kvinnherad Høgre vil: 
oppretthalda eit levedyktig landbruk i Kvinnherad 
at kommunen skal vera aktiv tilretteleggar for gardbrukarar som vil skapa ny næring
gje tilskot til nydyrking og grøfting
at kommunen må vera fleksibel i forvaltningssaker
syta for at dyrka areal over tid aukar 
at samfunnsnyttige vasskraftverk vert realisert
vidareutvikla den marine næringa i Kvinnherad og etablera marin klyngeverksemd 

 

Kvinnherad har stort potensiale innan kultur og reiseliv, og bør ha ambisjon om å vera ein av dei leiande kulturkommunane i Vestland fylke. Høgre vil vurdera tiltak for å auka den lokale kulturproduksjonen. Høgre vil i perioden styrka det kommunale reiselivsarbeidet. 

Dugnadstradisjonen står sterkt i alle bygder. Dette skapar tillit og samhald mellom menneske og positiv aktivitet i lokalsamfunnet. Høgre vil støtta opp om dugnadsviljen med gode ordningar for frivillig arbeid. 

Ein aktiv kulturpolitikk er viktig for å sikra eit levande kulturliv som gjer Kvinnherad attraktivt for alle. Høgre vil støtta opp om lokale kulturarrangement med tilrettelegging og økonomiske garantiar, med særleg vekt på større og årvisse arrangement. Høgre meiner Baroniet Rosendal og Festidalen på kvar sin måte er spydspissar i det lokale kulturlivet, og kommunen må vera aktiv støttespelar for å vidareutvikla disse. Høgre vil bidra til ei god utvikling for mindre festivalar som Rosendal Kammermusikkfestival og Omstock. 

Kulturskulesenteret på Husnes må nyttast aktivt som kulturarena både i privat og offentleg regi. Høgre støttar opp om desentraliserte og nye tilbod i kulturskulen. 

Rosendal og området rundt er av stor nasjonal verdi, og har potensiale til å verta eit av dei fremste reisemål i Noreg. Høgre vil marknadsføra Rosendal som destinasjon og utvikla bygda aktivt for å trekka merksemd frå nærings- og reiseliv. Det må vera eit mål at Rosendal på sikt oppnår besøkstal på høgast mogleg nivå i landet. 

Folgefonna nasjonalpark har stort potensiale for opplevingar og auka verdiskaping. Høgre meiner nasjonalparken i større grad må kunna takast i bruk til opplevingar som kan verta ein viktig del av reiselivstilbodet i Kvinnherad, og vil arbeida for at lokale styresmakter må få fullmakt til å gje løyve til tiltak i nasjonalparken. Folgefonnsenteret bør vidareutviklast for å etablera kompetansearbeidsplassar og fremma klima- og miljøspørsmål.

Halsnøy Kloster er ein av landets best bevarte klosterruinar, og har eit stort unytta potensiale. Klosterruinane har fått status som stoppestad på Den nasjonale kystpilegrimsleia, og Høgre vil difor i perioden arbeida med eit eige prosjekt for å fremma Halsnøy Kloster som destinasjon for kulturelle og religiøse opplevingar. 

Kyrkjene våre er av stor verdi både menneskeleg og historisk. Kvinnherad Høgre meiner det hastar med vedlikehald og sikring av kyrkjene i Kvinnherad, og vil prioritera dette. 

Kystkulturen er ein viktig del av vår lokale identitet. Høgre vil fremma den lokale kystkulturen gjennom å støtta aktivt opp om tiltak som mellom anna Bergslagen og Rosendal kulturhistoriske trebåtsenter. 

Kvinnherad Høgre vil: 
at Kvinnherad skal vera ein av dei leiande kulturkommunane i Vestland
at kommunen skal vera aktiv støttespelar for lokale kulturarrangement
vurdera tiltak for å auka den lokale kulturproduksjonen
at Kulturskulesenteret i større grad må nyttast som kulturarena 
støtta opp om desentraliserte og nye tilbod i kulturskulen
arbeida aktivt for at Rosendal skal verta ein av dei fremste reisemål i Noreg
at Folgefonna nasjonalpark i større grad må takast i bruk til opplevingar og verdiskaping 
vidareutvikla Folgefonnsenteret
arbeida for å fremma Halsnøy Kloster som destinasjon 
vedlikehalda og sikra kyrkjene 
fremma kystkulturen gjennom å støtta aktivt opp om tiltak som mellom anna Bergslagen og Rosendal kulturhistoriske trebåtsenter

Kvinnherad Høgre vil føra ein effektiv klima- og miljøpolitikk, og gjennom lokale tiltak bidra til rein natur og reduksjon av klimagassutslepp. Kvinnherad har alle føresetnadar for å lukkast i omstillinga til lågutsleppssamfunnet, men det krev at kommunen tek miljøspørsmål på alvor. 

Høgre vil halda fram arbeidet med å fasa ut fossile køyrety i den kommunale bilparken, og erstatta disse med null- og lågsutsleppskøyrety. Høgre vil syta for at alle nye og eksisterande kommunale bygg skal vera så energieffektive som mogleg. Høgre vil arbeida for at Kvinnherad på sikt skal bli ein plastfri kommune, og vil gjennom Sunnhordland Interkommunale Miljøverk bidra med støtte til årvisse ryddeaksjonar langs strendene.   

Høgre vil bidra til at nye vasskraftverk vert realisert, og arbeida for positive høyringsfråsegner i konsesjonssaker. 

Høgre vil vera pådrivar for å ta i bruk miljøvenlege energikjelder som til dømes hydrogen, flis og biogass, og vil arbeida for og støtta opp om etablering av produksjonsanlegg for miljøvenleg energi.

Høgre meiner det er viktig å sikra god balansegong mellom utbygging av fornybar energi og vern av verdfull og urørt natur. Høgre seier difor klårt nei til utbygging av vindmøller i Kvinnherad. Høgre er positive til utbygging av vindkraft på havet. 

Kvinnherad Høgre vil: 
føra ein effektiv klima- og miljøpolitikk
gjennom lokale tiltak bidra til rein natur og reduksjon av klimagassutslepp
at kommunen sin bilpark skal bestå av null- eller lågutsleppskøyrety
at nye og eksisterande kommunale bygg skal vera så energieffektive som mogleg
arbeida for at Kvinnherad på sikt skal bli ein plastfri kommune
støtta opp om strandryddeaksjonar 
vera pådrivar for å ta i bruk miljøvenlege energikjelder
støtta opp om og arbeida for etablering av produksjonsanlegg for miljøvenleg energi
sei klårt nei til bygging av vindmøller i Kvinnherad 
arbeida for å gjera cruisetrafikken meir miljøvenleg 

Eller last ned vårt program her