Eit program for god oppvekst, god helse, utvikling og godt samarbeid
Volda Høgre lanserer programmet sitt fredag 9. juni 2023. Programmet fokuserer på kjerneoppgåvene, stødig styring av kommunen og godt samarbeid med administrasjonen og andre politikarar.
Volda Høgre har eit program som er for alle innbyggarar i heile kommunen vår. Alle område i den nye kommunen er likt prioritert i vårt program. Bakgrunnen din skal ikkje ha noko å seie for moglegheitene dine i Volda kommune.
Volda Høgre vil prioritere god oppvekst og opplæring, ei trygg omsorg, ein god alderdom, og rask tilgong til tenester. Vi ser på dette som dei sentrale kommunale kjerneoppgåvene. Vi er spesielt opptekne av å legge til rette for at born og unge skal utvikle seg til sitt beste. Våre eldre skal oppleve ein trygg alderdom, og vi har tiltak for rask og tilgjengelig psykisk helsehjelp når vi treng det. Tilrettelegging med langsiktig planlegging for gode bumiljø og nok næringsareal er også sentralt for Volda Høgre.
Volda Høgre vil prioritere stødig styring og trinnvise forbetringar i drifta av Volda kommune slik at vi lagar oss handlefridom. Vi må ha ambisjonar om å forbetre oss der vi kan for å prioritere kjerneoppgåvene.
Volda Høgre vil stå for eit godt og konstruktivt samarbeid med administrasjonen, dei tilsette, dei andre politiske gruppene, fylkeskommunen og sentrale mynde. Vi må saman sette Volda på kartet i viktige saker for regionen vår.
Volda Høgre har sterk tru på vekstskapande samarbeid med institusjonane, næringsaktørane, frivillige organisasjonar og enkeltmenneske. Saman er vi sterkare, og då må vi invitere kvarandre til konstruktive samarbeidsprosessar.
Sindre Rotevatn, ordførarkandidat Volda Høgre.