Alltid ha klare einebustadtomter

Volda Høgre si målsetting er at i sentrumsområda skal det alltid vere tilgang på tomter. Vi har ei positiv innstilling til spreidd busetting på bygdene.

Utsnitt frå artikkel i Møre, link til artikkelen nederst i teksten her.

Volda Høgre er opptekne av at vi skal ha ei planlegging over tid som gjer at vi alltid har tilgang på ledige bustadtomter. Slik situasjonen er akkurat no, så manglar vi einebustadtomter i Volda sentrum. Det er ikkje haldbart.

Det er mange og kvar for seg gode grunnar til at planleggingsprosessane tek lang tid. Men når B58 på øverst i Heltne/Bratteberg framleis ikkje er salgbart etter at reguleringsplanen vart godkjend i 2016, så er det for lang tid. Det same gjeld for Urbakkfoten som vart godkjent reguleringsplan for i 2017.

Ledige attraktive bustadtomter og ledige einebustadtomter i Volda sentrum er heilt nødvendig både for å halde på folk og trekke til seg nye folk. Vi har bra med arbeidsplassar – det er mange som pendlar inn til Volda – så vi bør ha potensielle for å tilby fleire å bu her.

Sjå gjerne Møre sin artikkel her (abonnentar) https://mre.no/nyhende/vi-ma-alltid-ha-byggjeklare-einebustadtomter/19.17616