Aktivitet på kommunehuset Smia

Saka om nedlegging av servicekontoret på kommunehuset Smia i Hornindal har vore på høyring og skal handsamast i formannskapet 22. august og i kommunestyret 31. august.

Volda Høgre og Møre og Romsdal Høgre støttar Smia i bakgrunnen

Tilrådinga til formannskapet frå kommunedirektøren er: «Formannskapet syner til saksutgreiinga og sluttar seg til at Volda kommune opprettheld dei kommunale tenestene i Smia som i dag. Formannskapet oppmodar samtidig kommunedirektøren om å vurdere samarbeidsløysingar med leigetakarar og digitale løysingar som kan gi betre ressursutnytting og auka tilgjengelegheit for brukarane. Kommunen sine funksjonar vert å drive arealeffektivt, og formannskapet ber om at det vert jobba for å leige ut ledige areal til private og ev andre offentlege aktørar»

Sjølv om det i sakutgreiinga blir vist til at det er krevjande å ha to servicekontor i kommunen er det også vist til ei positiv vidareutvikling av det kommunale tenestetilbodet på kommunehuset Smia:

«Høyringsprosessen knytt til servicekontorfunksjonen medfører at saka får mykje merksemd rundt servicekontoret. Smia har eit stort potensial og det bør vere ein klar intensjon om at bygget gi synergiar og verdiskaping i form av nye arbeidsplassar og positive ringverknader for lokalsamfunnet. Det er lagt til rette for auka busetting i Hornindal både gjennom kommunalt bustadfelt og utbygging av private leilegheiter. Smia vil vere ein viktig del av infrastrukturen for arbeidsplasstilrettelegging»

Volda Høgre støttar denne innstillinga frå kommunedirektøren og vi har tidlegera kommentert dette mellom anna i eit lesarinnlegg frå ordførarkandidat Sindre Rotevatn:

«Kommunehuset Smia i Hornindal var ein svært viktig tenestestad for innbyggarane i Hornindal då Hornindal var eigen kommune. Volda Høgre meiner at Smia også i framtida skal vere ein viktig tenestestad for Volda kommune.

Utviklinga går i retning av meir digital kontakt mellom innbyggjarane og kommunen. Dette vil endre korleis kommunale tenester vert utførte – her må vi ha høge ambisjonar. Samtidig gir utviklinga også moglegheiter til desentrale arbeidsformer, mindre krav til fysisk oppmøte og dermed fleksibilitet til å oppretthalde aktivitet i Smia. Innbyggarane i kommunen, også i Hornindal, skal oppleve lett tilgang til kommunale tenester også i framtida. 

Vi i Volda Høgre ser difor for oss at det må vere eit kommunalt servicekontor i Smia og at kommunalt tilsette skal kunne arbeide frå Smia, Kommunen som arbeidsgjevar bør tilby gode løysingar for faste kontorplassar i Smia for kommunalt tilsette frå området, og elles kontordagar i Smia for andre personar og funksjonar. Administrasjonen skal ha honnør for å ha fått inn leigetakarar i

bygget og dette må halde fram slik føresett i saksutgreiinga. 

Dersom Volda Høgre får ordføraren etter valet vil ordførar regelmessig ha kontordagar i Smia.

Robert Grodås, Thore Heggen og Sindre Rotevatn

Volda Høgre

Artikkel i Fjordingen: https://www.fjordingen.no/meiningar/i/kEzKdL/volda-hoegre-stoettar-vidarefoering-av-den-kommunale-aktiviteten-paa-smia