Volda Høgre, eldreomsorg og ungdom

Helse- og omsorgssektoren i Volda kommune prøvar ut ei ny ordning som vi støttar der ungdomar under 18 år får jobbe som servicevakter på omsorgssentera i sommar. Dette har fleire positive sider, dels for ungdomane, dels for dei eldre, og det er eit godt bidrag til prosjektet “Heiltidskultur” i kommunen. Volda Høgre vil at vi skal tenke nytt og vil prioritere eldreomsorga dersom vi kjem i posisjon etter valet.

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat

Vi blir fleire eldre og må tenke nytt om korleis vi organiserer helse- og omsorgstenestene i kommunen. 

Ordninga i sommar med servicevakter kom på initiativ frå sektoren sjølv. Dette illustrerer at dei tilsette og leiinga på området er engasjerte og dyktige i sitt arbeid. Det er også utarbeidd eit bra planverk for området. Vi foreslår til drøfting nokre grep i tillegg.

Fagutdanning og rekruttering

Vi har allereie gode tenester og ein dyktig stab, men vi kan alle bli betre og Volda Høgre prioriterer opp fagutdanning til alle som vil. Vi vil arbeide for at kommunen skal kartlegge behovet for fleire faglærde i heimesjukepleia. Vi vil sikre at alle utan helse- og sosialfagleg utdanning får muligheit til å bli faglærde. Saman med Høgre sentralt, set vi ein nasjonal ambisjon om ti prosent færre ufaglærde i dei brukarretta omsorgstenestene innan 2030, med vekt på heimesjukepleia. Dette kan høyrest smått ut, men det er fire gongar så stor reduksjon som vi har klart dei siste 6 åra (2016-2021).

Vi vil også legge til rette for auka rekruttering til heimesjukepleia, til dømes gjennom fleire prosjekt med sommarjobb for 16-18-åringar og andre tiltak.    

Trygge bustadar

Dei fleste eldre bur heime og vil bu heime så lenge som mogleg. Dersom det skal vere mogleg for fleire, treng vi bustadløysingar som bidreg til at fleire eldre kan leve sjølvstendige liv og føle seg trygge i bustaden dei bur i. Høgre meiner det er behov for meir varierte buformer for eldre som stimulerer til aktivitet og legg til rette for ein meiningsfull kvardag for alle eldre med sine ulike behov. Dette kan ta ned belastninga både for den enkelte og for helse- og omsorgstenesta. Det vil kunne bidra til at fleire eldre kan bu heime lenger og at hjelpebehova kan utsettast.  

Volda Høgre vil prioritere at kommunen kan bygge fleire tilrettelagde bustadar og nye buformer der pleietrengande bur i nærleiken av andre.  

Vi vil også prioritere at kommunen bygger fleire heildøgns omsorgsplassar, særleg for menneske med demensliding. 

Volda Høgre meiner at kommunen må forsterke arbeidet som allereie blir gjort med førebyggande heimebesøk med oppfølging. Vi må også ta i bruk mer velferdsteknologi sjølv om denne ikkje kan erstatte menneskeleg kontakt.

Besøk?

Det hadde vore fint å illustrere forslaga våre med eit besøk hos heimetenestene. Vi har imidlertid bestemt oss for at vi skal ikkje forstyrre dykk med politiske besøk i valkampen. Prioriter det viktige arbeidet de gjer, så kan vi få høyre meir om og drøfte gode løysingar etter valet.

Volda Høgre  

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat

Peter H. Bjørneset, ungdomskandidat