Stolt av Høgskulen i Volda

Eg var så heldig å få vere med på opninga av Høgskulen i Volda denne veka. Det har skjedd mykje sidan eg var student på Lokalsamfunnstudiet der for førti år sidan. Eg har fulgt utviklinga av høgskulen frå sidelinja alle desse åra. I dag vart eg rett og slett glad og stolt over alt Høgskulen er, står for og betyr for oss i Volda. Høgskulen med sine 350 tilsette og 4600 studentar er ein hjørnestein i Voldasamfunnet som vi må og skal ta godt vare på.

Professor Bjarte Folkestad foreles om valforskinga ved Høgskulen

Vi får presentert ei breidde og djupne i utdanningstilboda som er imponerande. Vi får presentert valforsking på fagleg nivå med kven som helst. Vi får sett ungdom vise at det kjem alltid fram flinke folk. Alt sett saman på profesjonelt vis slik det skal vere i våre dagar.

Nasjonalt er det utfordrande å få nok studentar til lærarutdanninga. Det går litt betre i Volda enn for mange andre utdanningsinstitusjonar, men det er nedgang også i Volda. Volda Høgre brukar i alle fall eit kvart høve til å framsnakke lærargjerninga. Å vere lærar er ein viktig og verdsett jobb, og vi har tiltak støtta frå sentralt hald for å utdanne meir lærarar. Vi vil ha fleire fagutdanna lærarar i heile landet og Volda har lange tradisjonar med å utdanne dyktige pedagogar til alle skulenivå. Dette gjer oss stolte.

I år er det nedgang i talet på utanlandsstudentar på Høgskulen i Volda. Utanlandsstudentar er ein viktig del av studentmassen på skulen. Internasjonale studentar har vore viktige lenge, både for skulen og for lokalsamfunnet. Dei internasjonale studentane tilfører Volda spennande innslag frå heile verda. Vi kan lære av dei, og vi veit at mange av dei lærer av oss. Mange vert til og med verande igjen i Volda i lang tid. Det set vi stor pris på og det gjer oss stolte av Høgskulen og bygda vår. 

Det har vorte dyrt for utenlandsstudentar å studere i Norge fordi regjeringa har avgjort at dei må betale studiane sjølve. Då er det naturlegvis ikkje så mange studentar som kan ha råd til å reise frå sitt land til Volda for å studere. Vi vonar at det kan finnast nye løysingar på regjeringshald slik at ikkje talet på utanlandske studentar går vidare ned.

Høgskulen utdannar dyktige folk, særleg til arbeid i offentleg sektor og mediabransjen. Eit anna eksempel er at reiselivsselskapet 62 Nord har mange naturguidar tilsett – alle desse er utdanna på Høgskulen i Volda. Dette er berre eitt eksempel, det fins heilt sikkert fleire. Summen av alt dette gjer oss stolte over Høgskulen vår. 

Høgskulen i Volda med alle sine livlege ungdommar, flinke tilsette og omfattande aktivitet, representerer ein pulserande del av Voldasamfunnet. Av og til kan vi hoppe litt i stolen både over lyd, bilde og påfunn elles, men det held oss som samfunn levande, det gir oss framdrift og framtid. 

Den nye rektoren, Odd Helge M. Tonheim, med alle sine tilsette og studentar er ein hjørnestein i Voldasamfunnet. Vi er glade for å få vere med på reisa deira og vi er glade for at Høgskulen, dei tilsette og studentane  vil vere her i Volda. Vi skal gjere vårt beste med å legge til rette for at de vil halde fram med det. 

Volda Høgre  

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat