Verdiane må skapast, så skal vi dele

Volda Høgre er på lag med alle som skaper jobbar i lokalsamfunnet. Vi skal ha rettferdig fordeling av verdiane. Vi skal ha gode og felles tenester i kommunen. Men verdiane må skapast før dei kan delast. Difor heiar Volda Høgre på dei som skaper arbeidsplassar. Sjølvsagt skal dette vere innanfor ansvarlege rammer, både i natur, miljø og arbeidsmiljø.

Erna saman med Anders Riise, Monica Molvær, Helge Orten, Sindre Rotevatn, Ola Kvalheim, Falk Øverås

Volda Høgre, saman med ei andre Høgre-laga i regionen, var heldige å få besøk av partileiar Erna Solberg. I Volda besøkte vi Ode sitt oppdrettsanlegg i Alida og i Ørsta var vi hos Vartdal Plast. 

Oppdrett er ein viktig aktivitet i Voldsfjorden og Dalsfjorden med gode lokasjonar både i sjø og på land. Næringa representerer direkte og indirekte eit betydeleg tal arbeidsplassar rundt fjorden med mykje verdiskaping. Gjennom fleire tiår har vi vorte vane med oppdrett av laks og ørret. For oss som har vore med lenge, veit vi at denne delen av næringa har vore gjennom mange faser fram til at det no er modne verksemder. 

Torskeoppdrett, slik som Ode driv med, er i tidleg fase. Frå anlegget i Alida leverer dei matfisk fortløpande. Denne veka går det torsk frå Voldsfjorden via slakting i Ålesund mellom anna til Carrefour sine butikkar i Frankrike. Tenk det – frå Voldsfjorden til franske middagsbord! Volda Høgre likar også å sjå kor seriøst Ode, med sine 100 tilsette, tek verksemda si. Solcelleanlegget på anlegget er berre eitt godt synleg døme på det. 

Oppdrett generelt og torskeoppdrett spesielt har miljøutfordringar. Rømminga dei hadde sist haust var svært uheldig for alle partar og for miljøet. No veit vi at det skuldast teknisk svikt i nota. Andre miljøutfordringar, slik som faren for kjønnsmoden fisk i merdene og potensiell blanding med villfisk, er problemstillingar som må takast på alvor. Det opplever vi at både Ode og tilsynsmyndigheitene gjer. 

Skal vi skape verdiar framover, så må vi drive utvikling. Vi må tillate at det vert brote mark på nye område. Vi må tore å ta litt risiko. Dette har alltid vore gjort når ein skal skape nye verdiar, og det må vi framleis gjere. Skal vi ha noko å dele i framtida, så må vi skape nye verdiar. Voldsfjorden er eit av våre aktivum, ein av plassane vi kan skape endå meir verdiar framover. Difor er Volda Høgre grunnleggande positive til oppdrettsnæringa under føresetnad av miljøbevisste aktørar.

Volda Høgre fekk også vere med Erna til Vartdal Plast. Gjengen på Vartdal er eit glimrande eksempel på at verdiar må skapast før dei kan delast. I tillegg er Vartdal Plast eit skuleeksempel på at det går godt an å ta miljøutfordringar på alvor sjølv om dei har “Plast” i namnet sitt. Det nyttar ikkje å gi opp sjølv om det er utfordringar. Volda Høgre skal inspirere og stimulere verksemdene til å utvikle, ikkje avvikle, og finne løysingar på miljøutfordringane sine. Og vi er ikkje redde for å bruke aktive verkemiddel som CO2-avgift for å styre utviklinga.

Det vil ta tid, men det går framover. Det vert skapt nye verdiar på vegen. Då har vi noko å dele også i framtida. Vi veit alle at vi skal dele – men vi må ha noko å dele.

Volda Høgre  

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat