For enkelt å skulde på «rusreforma»

Utfordringane med rus blant ungdom handlar på kommunalt plan ikkje om for eller i mot justeringane i ruspolitikken. I fleire artiklar i Møre blir det vist til aukande rusmisbruk blant ungdom. I eit stort oppslag viser ordførar Sølvi Dimmen til at etter justert ruspolitikk kjem det ikkje lenger melding om dette til den kommunale rushjelpa.

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat (foto: Volda Høgre)

Ruspolitikken vart justert i Stortinget, men Volda Høgre meiner at det er ei avsporing å konkludere med at manglande meldingar kjem av denne justeringa. Allereie i januar i år uttalte kommunalsjefane Kongsvik og Berg-Rusten at Volda kommune har aukande utfordring knytt til skulefråvær og psykisk uhelse blant barn og unge. Dei vurderte også at Volda kommune ikkje har lukkast med å handtere auken i desse utfordingane. På bakgrunn av det sette administrasjonen ned ei arbeidsgruppe med mandat å evaluere kommunen sitt tilbod knytt til rus og psykisk helse hjå barn og unge, ungdom og unge vaksne.

Volda Høgre gir stor ros til kommunalsjefane Kongsvik og Berg-Rusten for deira opne og ærlege utsegner om at Volda kommune ikkje har lukkast i dette viktige førebyggande arbeidet. Vi gir også ros til administrasjonen for at det er starta eit arbeid med å evaluere kommunen sitt tilbod på dette området. Dette er langt viktigare enn å skulde på ei rusreform som ikkje vart vedtatt og som ein eventuelt måtte vere usamd i. Sittande politiske posisjon skulle vere dei næraste til å ta del i eit aktivt arbeid for å forbetre situasjonen.

Volda Høgre meiner det viktigaste no er å få til ein felles innsats på førebyggande arbeid. Politikarane må vere premissleverandørar og pådrivarar for administrasjonen si praktiske gjennomføring av tverrfagleg og systematisk førebyggande arbeid i kommunen.

Volda Høgre skriv i sitt valprogram at: «Volda Høgre ønskjer også å samarbeide tett med dei som yter desse tenestene i kommunen. Vi må vi lytte til, stole på og satse på leiarar og tilsette i tenestene». Skal Volda kommune lukkast med å snu ei svært urovekkande utvikling når det gjeld rus og psykiske lidingar, trengst det ein stordugnad der også foreldra er sterkt involverte. 

Dersom Volda Høgre kjem i posisjon etter valet, vil dette bli ei av dei viktigaste sakene i den komande kommunestyreperioden.  

Volda Høgre  

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat