Skattlegging har konsekvensar – også i Volda

Vi ser i fleire media, mellom andre VG og mre.no, at Mowi kuttar fem milliardar i investeringar som konsekvens av den vedtekne skattlegginga av oppdrett. Oppdrettarar driv omfattande verksemd i Volda kommune, leverandørindustri er viktig i regionen og vi ser konsekvensar kome.

Nokon kan hevde at nasjonal skattlegging ikkje betyr noko i ein lokalvalkamp, men vi merkar konsekvensane av skattlegginga. Aktiviteten kan verte lågare i Volda kommune.

Volda Høgre har ikkje prinsipielt imot at oppdrettarar med god inntening vert skattlagde for bruk av fellesressursen som fjordane våre er. Det kan vere eit sunt prinsipp, slik grunnrenteskatt på vasskraftanlegg har virka i mange år. Næringa forstår også dette. Problemet er summen av alle skatteformene og at enkelte skattar har større skadeverknad enn andre.

Før innføring av grunnrenteskatt auka regjeringa skattlegging både av formue, utbytte og lønn. Planen ser ut til å vere – nokså konkret uttalt – at utvalde grupper skal “flåast”. Ser ikkje regjeringa at for den som driv verksemd, så er det summen av alle desse skatteaukene som er problemet? Ser regjeringa sine lokale representantar at dette til saman vert for mykje og kan skade aktivitet og utvikling i Volda?

Vi har nylig sett at bråbrems i investeringane innan oppdrett bidrog til at P.E. Bjørdal gitt dukken. Vi ser at Lars Oscar Fossen i Ørsta ropar fortvilt ut fordi han vert skattlagd for verdiar som han opplever å ikkje ha. I dag hadde Strømpeneset ikkje vorte utvikla som næringslokale fordi skatteregimet – her formuesskatten – gjer at det vert ulønsamt for den som skal prøve å utvikle noko. Når Strømpeneset ein gong i framtida vert ei gullgruve for Lars Oscar og pengane renn inn – la oss håpe på det – så blir overskotet skattlagt. Det må vel vere betre å skattlegge overskot høgare heller enn å bremse lokal investeringsvilje ved å skattlegge ei formue som er teoretisk?

Jauda, eg veit nokre vil hevde at delar av denne skatten, både frå oppdrett og frå Lars Oscar, hamnar i kommunekassen. Men kva hjelper det når aktiviteten anten ikkje vert noko av, må slutte eller har flytta ut av landet?

Skattlegging har konsekvensar. Derfor er det så avgjerande viktig å velge dei rette skatteformene og vere nøye med skattenivået. Fagfolk er nokså samde om at formuesskatten er den som gjer mest skade på investeringslysta. Innrettinga på grunnrenteskatten er ikkje god, prosessen dårlig, og samla skattetrykk for høgt. Høgre har lange tradisjonar for å delta i store skatteforlik for å ha eit robust skattesystem over tid. Skal vi få til det må regjeringa starte med ein vilje til å finne løysingar saman.

Sindre Rotevatn, ordførarkandidat Volda Høgre.