Sommartreff i Volda sentrum – Volda Høgre

Volda Høgre hadde eit enkelt sommartreff i Volda sentrum laurdag 8. juli 2023. Vi hadde besøk av stortingsrepresentant Helge Orten, som sit i finanskomiteen, i tillegg til Anders Riise som er fylkesordførarkandidat og Anne Sølvi Vatne som står på fylkestingslista. Frå eit sommarstemt Volda reiste vi vidare til Hellesylt for deltaking på Hellesyltdagane.

Frå venstre: Anders Riise, Helge Orten, Anne Sølvi Vatne, Heidi Berg-Rusten Grevstad, Sindre Rotevatn

Auka skattenivået for næringslivet
Vi brukte treffet til å oppsummere frå finanskomiteen og dei viktige skattesakene som har vore til handsaming i år. Helge Orten har førstehands kjennskap til dette. Vi ser at formuesskatten og utbytteskatten, slik desse no er utforma, fører til at store investeringar i regionen faktisk er lagde på is. På Hellesylt såg vi at Flakk-gruppen sine investeringar på Hellesylt er lagde på is, både hotellet i sentrum og hotellet på Ljøen. Saman med investeringar i Storfjord Hotel som er lagde på is, så utgjer dette investeringar som kunne skapt 65 nye arbeidsplassar. Dette er ikkje surmuling frå næringslivet, det er harde fakta og eit praktisk eksempel, ikkje berre for verksemder i Stranda kommune, men også for verksemder i Volda.

Aktivitetsselskapet til Flakk-gruppen har 14 godt utdanna guidar tilsett i regionen. Alle desse 14 har god utdanning som naturguidar frå Høgskulen i Volda. Mange av dei bur også i Volda. Dette heng saman og gir negative ringverknader på mange plan også i Volda kommune.

Volda-tunnelen må få grønt lys
Vi diskuterte Volda-tunnelen og at vi må ha god framgang i prosjektet. Volda Høgre har argumentert for stjernebrua fordi dette gir beste løysinga for mjuke trafikantar. Det meiner vi framleis. Vi lyttar imidlertid til Statens Vegvesen sine fagfolk. Den løysinga som no ligg ute til ettersyn er mest truleg eit akseptabelt kompromiss for mjuke trafikantar samtidig som det synest å vere ei betre teknisk løysing. Volda Høgre vil gjere alt vi kan for at Volda-tunnelen skal kome med i NTP (Nasjonal Transport Plan). Eit av våre bidrag er å medvirke til at reguleringsplanen vert godkjend utan opphald. For dei som bur i området og dessverre vert råka av utbygginga, er det også avgjerande å få ei så rask avklaring som mulig av løysinga.

Så får vi berre håpe at sittande regjering snart innser at dei har stramma for hardt inn på samferdselsprosjekt i alle delar av landet. Vi må nok akseptere at det må til ei bompengefinansiering for å realisere prosjektet. Gode samferdselsløysingar er avgjerande for at distriktet vårt skal fungere.

Vi har stor respekt for dine pengar
Volda Høgre står for moderasjon og stor respekt for at det er skattebetalarane sine pengar vi forvaltar.
Volda Høgre har gjennom åra akseptert at det har vorte naudsynt å innføre eigedomsskatt i Volda kommune, sjølv om vi fleire gongar har stemt i mot. Vi kan ta mykje av æra for at satsen ikkje vart auka i budsjettet for 2023. Sittande posisjon ville auke satsen frå 3 til 4 promille.
Når skatten først er innført, så er det dessverre ikkje realistisk å ta den bort igjen over natta. Målsettinga vår er å halde eigedomsskatten på dagens nivå i komande periode. Vi har ein klar ambisjon om å redusere eigedomsskatten over tid.
Volda kommune skal gå med litt overskot år for år, det gjer kommuneøkonomien sunn. Men, vi har sett at resultatet for kommunen siste åra, også hittil i 2023, har vorte betre enn budsjettert. Dette er jo svært positivt og kjem mellom anna som følge av betre budsjettdisiplin. Administrasjonen gjer ein god jobb på dette området. På den andre side er det viktig for oss å framheve at den auken i eigedomsskatt som AP, SV og Raudt har villa innføre i budsjetthandsamingane, var ikkje naudsynt – ikkje då og ikkje no. Det er dette vi meinar med å vise respekt for dine pengar. Som politikarar skal vi ikkje hente inn meir i skattar og avgifter enn vi faktisk treng til å drive kommunen. Vi skal absolutt ikkje hente inn meir skattar for å gi oss sjølve handlingsrom.

Sjølvkost kan påvirkast
Fleire av kommuna sine tenesteområde vert drivne etter det såkalla sjølvkostprinsippet – du skal vere med på betale det tenesta faktisk kostar. Dette gjeld for vatn, avløp, feiing, renovasjon og så vidare. Prinsippet er fint, men “sjølvkost” er ein kostnad som kan påvirkast. Ved å prioritere kor mykje vi skal gjere, korleis vi skal gjere det, og styring av prosjekta vi gjennomfører, så kan politikarane vere med å avgjere auken i dine kommunale avgifter.
Volda Høgre har i sitt program at kommunale avgifter ikkje skal auke meir enn prisstiginga – dette er vår målsetting. Må vi gjere eit ekstra kostbart krafttak, til dømes på vassforsyninga, så må vi kunne forklare det sakleg til deg.
Når det meste blir dyrare og renta aukar, må politikarar prioritere betre framfor å automatisk auke skattar og avgifter. Vi har stor respekt for at det er dine pengar vi forvaltar, og vi vil gjere det på ein klok måte. Du som velgar skal kunne halde oss ansvarlege for det.

Andre saker
I sommartreffet var vi innom fleire andre saker. For Anders Riise, fylkespolitikarane våre og oss er FV60 Tomasgard-Røyrhus bru ei svært viktig sak. Volda Høgre er alltid opptekne av Sjukehuset, Høgskulen, lokale saker i alle bygdelag i kommunen og mange andre saker. Vi ser fram til å ta litt ferie før vi skal fortelle om fleire saker i komande valkamp.

Volda Høgre
Sindre Rotevatn, ordførarkandidat
Heidi Berg-Rusten Grevstad, 2. kandidat